Petroleumstilsynet Vil ha kutt i dokumentasjonen
HEIDRUN: Petroleumstilsynet har sett ned eit utval for å få ned dokumentasjonsomfanget i Nordsjøen. Her bilde frå Heidrun-plattforma.
Nytt

Petroleumstilsynet: Vil ha kutt i dokumentasjonen

Petroleumstilsynet meiner dokumentasjonsmengda i Nordsjøen har gått for langt. No skal det diskuterast forenkling saman med Statoil og resten av næringa.

30.06.2015
- Vi kjem aldri til å fråvike kravet til sikkerheit, men vi ser no på om det er muleg for bransjen å lage enklare system.
Det seier informasjonssjef Inger Anda i Petroleumstilsynet i Stavanger etter at adm. dir. Håvard Ulstein i Island Offshore i NETT NO måndag gjekk hardt ut mot det han karakteriserer som eit dokumentasjonshysteri i Nordsjøen.
- Vi har sett på mange oppdrag som det normalt ville tatt 14 dagar å lage dokumentasjon på, men som vi har måtta brukt fleire årsverk på å få ferdig – rett og slett fordi krava til dokumentasjon er så enorme.
- Dette har rett og slett utvikla seg til ein uting, sa Ulstein til NETT NO.

Inger Anda seier at ei rekkje aktørar har kome med kritikk mot dokumentasjonskrav og prosedyrer som verserer i oljebransjen.

Har starta dokumentasjonsprosjekt

Innvendingane er støtta av direktør Anne Myhrvolds i Petroleumstilsynet.
- Over tid har vi sett at mange selskap utviklar ein kultur der nye dokument og prosedyrer blir lagde på toppen av eksisterande dokument og prosedyrer.
- I sum kan dette bli uhandterleg og lite hensiktsmessig, seier Anda.
Petroleumstilsynet har sett ned eit eige dokumentasjonsprosjekt for å kartleggje utfordringa ved dokumentasjonsmengda og å sjå på kva næringa eventuelt kan gjere for å redusere denne mengda.
- Vi hadde oppstartsmøte i juni saman med næringa, seier Anda.

Tunge aktørar med i prosjektet

Det er tunge aktørar med i prosjektet. Desse er:
Operatørselskap: ConocoPhillips Norge, Wintershall Norge, Statoil
Hovedleverandørar: Aker Solutions, MMO AS, Aibel, Rosenberg Worley Parsons
Utstyrsleverandørar: Alfa Laval Nordic, AF Offshore Mollier, IKM Gruppen

Vil snu trenden

Inger Anda seier at med dette prosjektet håper Petroleumstilsynet å bidra til å snu trenden for å redusere omfanget av dokumentasjon, utan at sikkerheitskritisk dokumentasjon vert ramma.
- Frå vår side vil vi avslutte kartleggingsdelen av prosjektet tidleg neste år, seier Anda.

- Selskapa må følgje opp

Ho strekar under at det er opp til selskapa å følgje opp.
- Petroleumsregelverket er funksjonelt. Regelverket slår fast kva nivå sikkerheita skal ha med tilvisingar til prosedyrekrav.
- Korleis ein derimot vel å møte sikkerheitskrava, er i stor grad opp til selskapa. Det er dei som lagar styringssystema og som ofte vel å utvikle tilleggsprosedyrer og dokumentasjonskrav.

Rom for forenkling

Anda meiner at selskapa bør utnytte omstillingsfasen som olje- og offshorebransjen er inne i til å forenkle systema sine.
- Her er heilt klart rom for forenkling og effektivisering, men sjølv ikkje i tider med kutt og innsparingar vil vi gå på akkord med sikkerheita.
- Det ligg fast.
Over tid har vi sett at mange selskap utviklar ein kultur der nye dokument og prosedyrer blir lagde på toppen av eksisterande dokument og prosedyrer

Publisert: 30.06.2015 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:45