Permitteringar og oppseiingar
KUTT: Etter ein periode med kraftig vekst, må Magne Gurskevik (i midten) i KMC seie opp tilsette. Her saman med to av nøkkelfolka sine, polske Agnieszca Skår på kontoret, og rumenske Bogdan Bindiu som er leiande formann med overoppsyn både på Kleven og Myklebust.
Nytt

Permitteringar og oppseiingar

75 tilsette er oppsagde i Kleven Maritime Contracting (KMC). 20 er permitterte på Myklebust Verft.

07.08.2015
- Det er i hovudsak snakk om tilsette frå Romania og Polen, seier kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund ved Kleven.
Totalt er det dermed att rundt 250 tilsette i det Kleven-eigde selskapet, eit selskap som toppa statistikken over nytilsetjingar på Nordvestlandet frå 2012 til 2013.
I denne perioden vaks selskapet med 165 nye tilsette, og var på det meste oppe i 326 tilsette.
KMC er eit heileigd selskap i Kleven-systemet som sidan etableringa i 2008 har spesialisert seg på å skaffe arbeidskraft til Kleven Verft i Ulsteinvik og Myklebust Verft i Sande.

- Norske rettar

Mellom KMC og verfta er det eit kontraktsforhold der det blir inngått faste kontraktar på nærare definerte jobbar og på oppdrag som skal utførast på prosjekt for prosjekt.

Kvalsund seier at ho ikkje har oversikt om dei oppsagde i KMC vel å reise heim eller held fram å bu i Norge.
- Dette er tilsette som har opparbeidd seg norske rettar.

Ventar på ombyggingsoppdrag

I tillegg til oppseiingane i KMC, har Kleven permittert 20 av dei 140 tilsette ved Sande-verftet Myklebust.
- Desse er permitterte fram til nytt ombyggingsoppdrag kjem i november/desember.
- Situasjonen blir vurdert fortløpande, seier Kvalsund.
Oppdraget gjeld ombygging av 157 meter lange konstruksjonsskipet Aker Wayfarer til Ocean Yield.
Båten skal inn i ein langtidskontrakt med Petrobras i Brasil, og Myklebust skal mellom anna forsterke skroget og installere topside-utstyr frå Rolls-Royce.

Ingen permitteringar i Ulstein

Kvalsund opplyser at det er ingen permitteringar ved Kleven i Ulstein. Her er det 320 eigne tilsette.
- Vi vurderer situasjonen fortløpande.
 Situasjonen blir vurdert fortløpande

Publisert: 07.08.2015 11:18

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:45