Permisjonsauken held fram aalesundsavis ramma
GRATISAVIS: Ålesundsavisa Nytt i Uka baserer seg på annonseinntekter - som forsvann då næringslivet blei treft av koronakrise denne veka. 
Nytt

Permisjonsauken held fram - ålesundsavis ramma

Nye søknadar til NAV frå permitterte tilsette har gitt ei tredobling (!) av arbeidsløysa i Møre og Romsdal siste veka. 

Marius Rosbach
19.03.2020
Nytt i Uka er ei av bedriftene som har vore nøyd til å permittere sine ti tilsette. Konstituert direktør Kåre Stig Nøstdal skriv sjølv påat avisa tidlegast kjem ut etter påske.
Nøstdal grunngjev avgjersla med at kundane – altså annonsørane – deira, er i ferd med å steng ned, og at inntektsgrunnlaget deira forsvinn.

Tredobling i arbeidsløysa

Bølga med tilsette som blir permitterte, held fram, viser nye tal som blei gjort offentlege torsdag frå (ekstern lenke til PDF-fil).
Det siste døgnet er det registrert 1530 nye søknadar frå folk i Møre og Romsdal – noko som er drygt 4900 fleire personar sidan førre veke. I tillegg kjem søknadar om vanlege dagpengar.
Tysdag denne veka slapp NAV tal som viste at arbeidsløysa i fylket hadde – frå i underkant av 3000 til i underkant av 6000 personar. Sjølv om dei fleste permitterte forhåpentleg kjem tilbake i jobb, blir dei rekna med i statistikken over heilt ledige.
Med dei auken frå dei siste dagane er no arbeidsløysa oppe i kring 10.000 personar, som legg eit stort press på NAV.
NAV-direktør Stein Veland i Møre og Romsdal folk til å nytte dei digitale tenestene deira. Han oppmoda også om å legge inn CV på . Det er spesielt viktig om kritiske samfunnsfunksjonar får manko på folk.

Les også:


Reiseliv og servering ramma først

Reiselivet og serveringsbedrifter er mellom bransjane som blei tidlegast råka av koronakrisa. Allereie før helga og permitterte dei tilsette.
Denne veka blei tydelege – saman med . Desse bedriftene får i første rekke problem fordi dei manglar oppdrag og kundar. Også møbelkonsernet Ekornes merkar lågare etterspurnad og sendte onsdag ut .
Samtidig er andre delar av næringslivet ramma fordi krona svekker seg, og innkjøpa deira blir dyrare. For betyr det at dressane dei kjøper inn, har blitt 30 prosent dyrare i løpet av den siste månaden. Dei tilsette blir difor permittert frå slutten av veka.

Les meir:







Publisert: 19.03.2020 15:39

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54