Per i stormen
STORM: Per Sævik har vore ute i hardt vêr før, men trudde aldri at offshorenedturen skulle verte så djup og langvarig.
Nytt

Per i stormen

Han har kome seg heilskinna gjennom uvêr før, men synst offshorenedturen vart i tøffaste laget. Mest irritert er han på seg sjølv for aldri å lære.

28.12.2016
- Vi vart for grådige og trudde oppturen skulle fortsette. Og ingen ville vere dårlegare enn dei andre og bestilte båtar i vilden sky.
- I tillegg miste vi respekten for milliardlån. Uff, i ettertid ser det slett ikkje bra ut.
Havila Shipping-styreleiar Per Sævik er sjølvkritisk, og synst ikkje det hjelper særleg at han er i godt lag.
- Nei, eg let meg rive med for n-te gong. Eg burde hatt vit til å forstå at når alt går oppover og alt ser lyst ut, det er då ein skal stoppe opp og sjå etter faresignal.

Ein perfekt storm

Han meiner også at det var ei rekkje negative hendingar som slo til på same tid, slik som i den perfekte stormen.
- Det var 25 norske båtar i russisk sektor i Barentshavet, men dei vise menn bestemte seg for å boikotte Russland på grunn av Ukraina-konflikten, og alle desse 25 båtane kom tilbake til Nordsjøen.
- Og så viste det seg at Brasil var ein bananrepublikk, og ikkje det forjetta landet å investere i som mange forståsegpåarar proppa oss øyrene fulle med i nokre år. Ein haug av norske båtar er kasta ut av Brasil, mange rett i opplag, andre inn i konkurransen i Nordsjøen, der det er for mange frå før.
I tillegg fekk ein oljeprispress for å hindre framveksten av amerikanske skiferoljeproduksjon.

Statoil har medansvar

Men Sævik meiner også at Statoil har eit ansvar.
- Statoil var ein periode veldig ivrige etter å endre tenderet, slik at båtar under bygging ikkje passa inn. Vi fekk dermed ei ekstra omdreiing på skruen ved at det måtte bestillast nye båtar for å passe inn til dei stadig endra Statoil-krava.
- Båtane vart i tillegg stadig dyrare og meir ‘fancy’.
I tillegg meiner Sævik at det var for mykje sløsing, og for mykje preg av ‘nice to have’-mentalitet.
- I ettertid ser vi at vi hadde bygt opp eit kostnadsnivå på norsk sektor som umuleg kunne vere levedyktig på sikt.

Lettvinte lån

Havila Shipping er av dei mange selskapa som tok opp obligasjonslån, lån som ein etter kvart ikkje klarde å handtere, og dermed fekk problem med obligasjonseigarane.
- Det var veldig lett å få tak i pengar. Om ein ikkje lånte i bank, tok det berre nokre timar å skaffe seg hundretals millionar kroner i obligasjonslån over børs.
- I etterpåklokskapens klare briller ser ein at denne typen pengar forsterka nybyggingsprogrammet.

Vekstiver

Han meiner også at altfor mange reiarlag ville vere posisjonerte i altfor mange segment.
- Alle ville vekse, og mange ville vere inne i alle deler av supplysektoren, og i tillegg vere posisjonerte i heile deler av verda. Sjølv etablerte vi oss i Singapore for å konkurrere i Asia, utan at det vart nokon stor suksess.
Havila Shipping var av dei første som stoppa med nybygging.
- Vi har ikkje hatt nybygg etter 2012, men vi kom litt seint i gang med satsinga og har hatt problem med innteninga sidan finanskrisa og fram til i dag.

Ihelsvoltne aktørar

Sævik trur ikkje på ein snarleg opptur.
- Det vil ta tid før marknaden normaliserer seg, kanskje tre-fire år. Eitt av problema er at alle aktørane er så ihelsvoltne at dei er villige til å akseptere svært lave rater berre for å ha skipa i arbeid.
Samstundes meiner Per Sævik at det er viktig å heve blikket når mange av offshoreselskapa ligg nede, slik som no.
- Dette er ikkje slutten på oljenæringa. Dei som kjem seg heilskinna gjennom denne nedturen, har ei god framtid i møte.
Eg burde hatt vit til å forstå at når alt går oppover og alt ser lyst ut, det er då ein skal stoppe opp og sjå etter faresignal

Publisert: 28.12.2016 14:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:04