Pengane renn ut av Olympic Subsea
RESULTAT: Tungt kvartal for Olympic Triton og resten av Olympic-flåten.
Nytt

Pengane renn ut av Olympic Subsea

Bokført eigenkapital er negativ og selskapet er i brot med lånevilkåra. No håper Olympic Subsea å få ny avtale med långivarane til 1. september.

03.06.2020
Herøy-baserte Olympic Subsea har satsa stort på fornybarsegmentet, men utsette prosjekt og ein generel svak marknad gjorde at flåten segla inn berre 114 millionar kroner i første kvartal.
Driftsresultatet vart negativt med 25 millionar kroner, og resultat før skatt minus 70 millionar etter 27 millionar i avskrivingar og minus 45 millionar i finanspostar.
Bokført eigenkapital er no på minus åtte millionar kroner, mot 306 millionar ved utgangen av første kvartal i fjor.

Bank har trekt seg

Konsernet skriv i kvartalsrapporten at ein er i brot med lånevilkåra og ein bank har også trekt seg frå samarbeidet.
I påvente av ein ny restruktureringsavtale vert det ikkje betalt renter og avdrag.
Konsernet opplyser at ein i konstruktiv dialog med långivarane, og forventar å ha på plass ein avtale 1. september.
Det er også konstruktiv dialog med Nordic Trustee om eit obligasjonslån som no er på 286 millionar kroner.

2,8 milliardar i gjeld

Olympic Subsea har ei samla renteberande gjeld på 2,8 milliardar kroner.
Olympic Subsea vart starta i 2017, då med fokus på elleve skip som vart overtatt frå Olympic Ship. Ni av desse var operative ved utgangen av kvartalet.
Konsernet har satsa stort på subsea- og fornybarsegmentet, men driftar også fleire PSV-ar og ankerhandlarar. På desse har ein derimot ikkje ansvar for dei økonomiske forpliktingane.
I Olympic Subsea-konsernet var det ved årsskiftet 303 sjøfolk og 40 tilsette på landsida.
Stig Remøy eig 69,3 prosent av Olympic Subsea, medan I P Huse-eigarane eig 12,5 prosent, Bjørn Kvalsund 11,2 prosent, Marin Teknikk-eigarane 6,2 prosent og Halvard Remøy 0,6 prosent.

Publisert: 03.06.2020 20:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58