Passerte fem milliardar i omsetning
MÅLØY: Nytt godt år for dagleg leiar Sverre Søraa og resten av Coast Seafood-konsernet.
Nytt

Passerte fem milliardar i omsetning

Måløy-selskapet veks fort, passerte i fjor fem milliardar kroner i omsetning og 100 millionar i resultat før skatt. 

30.07.2020
Resultatet vart godt hjelpt av at realisering av aksjeposten i Lefdal Mine Datacenter, slik at ein kunne bokføre ei anna finansinntekt på 35,5 millionar kroner.
Dette går fram av årsrapporten til konsernet, som har opparbeidd seg til å verte den leiande norske aktøren for uavhengige lakse- og ørretoppdrettarar.

Kvitfisk-satsing

Men no satsar også konsernet meir mot kvitfiskmarknaden. I fjor kjøpte Coast Seafood kvitfiskselskapa Coast Berlevåg og Coast Kjøllefjord saman med Brødrene Karlsen og Gunnar Klo.
I tillegg kjøpte ein salsselskapet Coast Tromsø saman med partnerar, eit selskap som satsar på sal av kvitfisk.
Coast Seafood eig frå før det pelagiske anlegget Måløy Seafood i Måløy, samt har oppretta salsselskapet Coast Seafood USA med base i Boston.
I Coast Seafood-konsernet inngår også invsteringsselskapet Coast Invest og selskapet Coast Corporate Services, som leverer fellesfunksjonar.

Tregare pengestraumar

Coast Seafood er også inne på eigarsida i Sotra Fiskeindustri (23 prosent), Blom Fiskeoppdrett (34 prosent) og North Coast (40 prosent).
I årsmeldinga skriv styret at framtidsutsiktene er gode, men at covid19 har ført til ein del usikkerheit, utan at det så langt har ført til finansielle konsekvensar.
Derimot har pandemien ført til svingingar i etterspørselen etter laks og ørret, og det er også tendensar til at pengestraumane går seinare enn før.

Solid eigenkapital

I konsernet var det ved årsskiftet 161 tilsette, medan det er 45 tilsette ved morselskapet i Måløy.
Dagleg leiar Sverre Søraa og nærståande eig 45,3 prosent av aksjane. Same eigardel har Martin Øvrebø og nærståande.
Konsernet har ein samla eigenkapital på 563 millionar kroner, og i praksis null i langsiktig gjeld.

Publisert: 30.07.2020 08:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00