Passerer snart rekordaaret fraa i fjor
VEKSE UT AV LOKALA: Frode Sævik er dagleg leiar, eigar og montør ved Brass Brothers - som neste år flyttar til nye lokale utanfor Fosnavåg. 
Nytt

Passerer snart rekordåret frå i fjor

Bass Brothers dundrar vidare med rekordhøg omsetning og betre inntening. Snart flytter dei til nyinnkjøpt lokale.

Marius Rosbach
03.08.2020

Rekneskapen til bilstereoekspertane i Bass Brothers viser ei stadig aukande omsetning.

Årsberetninga for 2019 viste ein vekst inntektene på kring 45 prosent samanlikna med 2018 - og enda til slutt på 11,8 millionar. Det er nye rekord for selskapet som blei starta opp i 2006.

Den summen blir passert om kort tid: – Vi er eit par hundretusen frå å passere 2019-tala, opplyser dagleg leiar Frode Sævik til NETT NO.

Resultat før skatt i fjor blei på drygt 350.000 kroner (sjå tabell til høgre – under om du les på mobil).

Sidan kostnadsnivået er om lag på same nivå, reknar Søvik med at innteninga for 2020 vil vere betre.

Ingen koronabrems

Koronapandemien legg med andre ord ikkje nokon dempar på verksemda for Herøy-bedrifta, som i dag held til i Fosnavåg sentrum.

I som blei gjort offentleg via Brønnøysundregistera i førre månad, går det fram den spesielle situasjonen ikkje hadde råka selskapet på det tidspunktet.

Sævik stadfestar at det framleis er tilfelle at dei «på ingen måte» er påverka av korona.

Har vekse ut av sentrumslokale

I rekneskapen går det fram at selskapet investerte kring 3,8 millionar kroner i eigedom i fjor. Sævik fortel at det dreia seg om kjøp av sentrumslokala frå han sjølv.

I juni i år kjøpte dei ny eigedom og lokale utanfor Fosnavåg sentrum for 5,5 millionar.

NETT NO omtala før helga at bedrifta reknar med å flytte til dei nye lokala ved Auto Marine på Myklebust i mai neste år.

Kundar frå heile landet

Sævik fortalde også til lokalavisa at dei har hatt suksess med å marknadsføre seg på sosiale media.

Dei som følgjer Brass Brothers på kan stadig sjå meldingar om nye kundar som har kome langvegsfrå for å få montert ny stereo i bilane sine. Sævik fortel at dei legg mykje vekt på å halde kundane oppdatert på det nyaste utstyret.

– At det er vi som kan å jobbe med dei nye bilane, nyttar vi sosiale media til å fortelje folk over heile landet. Vi har lært oss å forstå dei sosiale media, og korleis dei fungerer, og då blir folk som søv i timen forbikøyrde av ein pågåande sunnmøring, uttalde han til Vestlandsnytt.

Vi er eit par hundretusen frå å passere 2019-tala

Publisert: 03.08.2020 13:03

Sist oppdatert: 25.03.2021 09:56

Mer om