Passerer 100 design
100 DESIGN: F.v. designsjef Arve Leine i Havyard Design & Solutions, administrerande direktør Stig Magne Espeseth i Havyard Design & Solutions og konsernsjef Geir Johan Bakke i Havyard Group. <i> </i>
Nytt

Passerer 100 design

Det starta med fire tilsette og to gamle stresslessar. No har Havyard passert 100 design.

19.10.2018
- Eg trur ikkje Havyard Group hadde eksistert i dag utan Havyard Design & Solutions, seier konsernsjef Geir Johan Bakke.
I ei pressemelding frå Havyard, vert det vist til at frå starten i 2005 har Havyard Design & Solutions vakse til å bli eit designselskap med lang og brei merittliste som har hatt betydning for heile konsernet.
Siste designa er til Havila Kystruten.

Kjøpte Leine Maritime

Grunnlaget vart lagt med kjøpet av designselskapet Leine Maritime i mai 2005 og kjøp av fire engineeringselskap dei følgjande åra. Strategien var å utvikle Havyard frå å vere eit verft til eit skipsteknologiselskap.
- Det handla då som no om inntening og om å redusere risiko i skipsbygging.
- Det er etter vår vurdering umuleg å lukkast over tid med å selje timar i Norge i konkurranse med heile verda. I staden ønskjer vi å selje produkt, seier Bakke.
Havila SaturnFørste designet som vart seld, var ankerhandterarane Havila Saturn med eit Havyard 842-design.
Leiar for Havyard Design & Solutions, Stig Magne Espeseth, og designsjef Arve Helsem Leine, har vore med sidan starten i 2005.
Dei fortel i pressemeldinga at salet av det første designet var eit gjennombrot, spesielt fordi ein hanka inn kontrakten i konkurranse med svært etablerte aktørar.
- Vi har seld nesten tretti design av Havyard 832 som med skreddersydd dekksareal, dieselelektrisk framdrift og skrogoptimalisering traff midt i det marknaden etterspurde, seier dei.

Nye segment

Også dykkerskipet Seven Falcon (Havyard 858 DSV) var ein milepæl, eit skip som vart kåra til årets skip i Europa i 2011.
Havyard viser til at Havyard Design & Solutions var tidleg ute med omstilling og tenke nye segment. Først fiskeri, så havbruk og støttefartøy for offshore vindparkar.
I dag er deisgnselskapet det designfirmaet som har seld flest design til støttefartøy for vindparkar til havs.
Dei siste åra har ein gått inn i ferjemarknaden med leveransar av tolv design på batteriferjer.

Nytt verktøy

I designarbeidet med Kystruten har Havyard Design & Solutions i samarbeid med Sintef Ocean utvikla eit nytt simuleringsverktøy som gjer det muleg å teste ut blant anna askrogformer og propulsjonsløysingar mot bølgje- og vindforholda langs norskekysten.
- Vi har sett på forholda langs heile kysten og kvar einaste av de 34 hamnene Kystrutene skal innom, for å kalkulere og dokumentere energiforbruket.
- Vi har optimalisert skroget etter verforhold og seglingrute, vi gjenvinner energi om bord, vi bruker gassmotorar og vi har verdas største batteripakkar.
- Slik kan skipa blant anna segle utsleppsfritt i verdensarvområda, seier Bakke i pressemeldinga.


Vi har sett på forholda langs heile kysten og kvar einaste av de 34 hamnene Kystrutene skal innom

Publisert: 19.10.2018 11:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:27