Passasjerskip berga verftsaaret
JUBEL: Statsminister Erna Solberg kasta glans over seremonien då Kleven-sjef Ståle Rasmussen og Hurtigrute-sjef Daniel Skjeldam i fjor sommar signerte avtalen og feira kontrakten på bygging av to nye hurtigruteskip. 
Nytt

Passasjerskip berga verftsåret

Passasjerskip-kontraktar sto for nesten halvparten av ordreinngangen til norske verft i fjor.

11.01.2017
31 farty for til saman 12,8 milliardar kroner.
Det er ordreinngangen for norske skipsverft i 2016 viser statistikken frå sals- og marknadsføringsorganisasjonen Norske Skipsverft. Statistikken omfattar kontraktar over 50 millionar kroner.
Åtte av skipa er passasjerskip, som blir bygd for cruisemarknaden. Kleven skal bygge hurtigruter og Vard ekspedisjonscruiseskip, og til saman har dei åtte passasjerskipa norske verft sikra seg i fjor ein kontraktsverdi på cirka 5,6 milliardar kroner.
I tillegg er det bestilt seks ferjer for rundt ein milliard kroner og 12 fiskebåtar for rundt 2,6 milliardar. Resten av orderinngangen i 2016 består av ein yacht hos Ulstein Verft og fire farty til oppdrettsnæringa.

Profiterer på den grøne skiftet

Under offshoreboomen låg ordreinngangen rundt 20 milliardar kroner i året.
I 2015 var den på 11,2 milliardar og i fjor altså 12,8 milliardar.
Administrerande dirketør Asle Strønen i Norske Skipsverft trur det grøne skiftet - overgang til skip med meir miljøvenleg teknologi - vil vere med på å løfte nivået samanlikna med 2015 og 2016, men det kan ta to-tre år før veksten viser seg.

Offshore kjem tilbake

Ordreinngangen i fjor var blotta for offshore-farty, som var sjølve bærebjelken for verftsnæringa i mange år. Strønen trur det etterkvart vil bli tinga nye offshorefarty, sjølv om det samstundes er skip som ligg i opplag.
Grunnen er at deler at offshoreflåten i opplag vil bli utdatert med omsyn til kapasitet og miljøprofil.
Samstundes vil vi få ei generell vekst i skipsbygging fordi reiarane går over til meir miljøvenlege skip - anten på grunn av skjerpa miljøkrav eller fordi reiarane si vurdering av marknaden er at det er ein fordel å velge miljøvenleg.
- Tilgangen på ny teknologi framskundar investeringar som elles ville kome seinare, seier Strønen.

Krav og marknad

Investeringane i batteridrivne ferjer og andre løysingar for å redusere utslepp er drivne fram av skjerpa utsleppskrav frå styresmaktene. Sightseeings-fartyet Vision of the Fjord eit døme på at reiarlaget vel ein meir milljøvenleg teknologi ut frå ei vurdering av at kundane vil etterspørje ei slik løysing.
Det såkalla grøne skiftet er grunnen til at Strønen trur den ordreinngangen i løpet av eit år vil stige igjen, samanlikna med 2015 og 2016.
Det betyr både meir batteridrift, men og bruk av nye energikjelder som hydrogen.

- Vi har berre sett begynnelsen på det grøne skiftet innan ferjer, fiskebåtar, brønnbåtar, hurtigbåtar og større passasjer og ekspedisjonsskip, seier Strønen.
Tilgangen på ny teknologi framskundar investeringar som elles ville kome seinare

Publisert: 11.01.2017 13:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:05