Partnerskap for nyskaping
SAMARBEIDSPARTNARAR: Frå venstre; ordførar Knut Helge Harstad i Ørskog, ordførar Oddvar Myklebust i Sandøy, ordførar Dag Olav Tennfjord  i Skodje, viserektor Annik Magerholm Fet på  NTNU,   Stian Bang  og Torill Standal Eliassen i Nextdigital. Framme frå venstre ordførar Eva Vinje Aurdal i Ålesund og leiar i fellesnemnda for nye Ålesund, administrerande direktør Per Erik Daleno  ÅKP Blue Innovation Arena og ordførar Vebjørn Krogsæter iordførar i Haram.
Nytt

Partnerskap for nyskaping

Nye Ålesund kommune inngår samarbeidsavtalar og partnarskap med ÅKP og Blue Innovation Arena, Nextdigital og NTNU.  

22.06.2018
Nye Ålesund ønsker ei kunnskapsbasert utvikling av tenestene våre. Vi ønsker difor å vere tett kobla til forskings- og kunnskapsmiljø som kan bidra til dette. Dette krev at kommunen tek ei større rolle for å kunne påverke kva som skal forskast på. Gjennom samarbeidet med NTNU kan dette setjast i system. I samarbeidsavtalen vi vi legge vi til rette for ei god oppgåvedeling og realistiske rammetilhøve, skriv kommunen i ei pressemelding.
Målet med samarbeidet er mellom anna å gjere Nye Ålesund kommune til ei foregangskommune i digitalisering.
Fleire aktuelle prosjekt/aktivitetar der kommunen vil ha nytte av samarbeidet blir lista opp i pressemeldinga:
Workshop med Nextdigital med tema kunstig intelligens (AI – artificial intelligence). Nye Ålesund innfører kunstig intelligens gjennom Chatbot`en Kommune-Kari. Andre tenester vert óg kartlagte for å avdekke mogelege område der vi kan erstatte manuelle prosessar med AI.
Hopp-id og næringutvikling.
Bruk av teknologi til å fornye arealplan-prosessar
Digitale tvillingar av bygg og byområde
Nettverks-, kompetanseheving og testarena for tilsette og politikarar
Simuleringsteknologi til bruk i opplæring og øving ( t.d. beredskapsøving)
Smart by og regionutvikling
Pilotprosjekt: Grønn campus
«Lær kidsa koding» som eit pilotprosjekt
Havet som blått kollektivfelt (delingsøkonomi, automatisering)
Energiløysingar i bygg, overføringsverdi til forsking
Systematisk kompetanseheving og opplæring innan pleie og omsorg ved bruk av visualisering og simuleringsteknologi (Visualisering og simuleringsteknologi i alle type tenester)
Innføring av velferdsteknologi, lokalisering, sosial kontakt, tilsyn, medisinering, aktivitet
Vegsamarbeid, vann og miljø, campusutvikling, næringslivsringen
Spre kompetanse: IT/datakurs til ungdomsskule/barneskle levert av Institutt for IKT og realfag

Publisert: 22.06.2018 15:13

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23