Papir taper terreng i annonsemarknaden
OPPTUR PÅ NETT: Redaktør Hanna Relling Berg i Sunnmørsposten og kollegaene hennar i Polaris Media Nordvestlandet-avisene aukar inntektene på nettet, men slit framleis med ein krympande marknad for annonser i papiravisene.
Nytt

Papir taper terreng i annonsemarknaden

Polaris Media Nordvestlandet sin inntekter frå papirannonser fall med 21 prosent i 4. kvartal. Anna vekst dekkjer berre delvis  tapet.

14.02.2020
Polaris Media sine tal for fjerde kvartal og for heile 2019 viser oppgang i abonnementsinntektene og i inntektene for annonsen på nett, men framleis nedgang i annonseinntektene til papiravisene.

Polaris Media Nordvestlandet hadde nedgang både i driftsinntekter og driftsresultat i fjor (sjå tabell).
For Polaris Media Nordvestlandet fall annonseinntektene frå papir frå 29,7 millionar kroner i fjerde kvartal 2018 til 23,4 millionar kroner i fjerde kvartal 2019. Der er eit fall på 21 prosent.
Polaris Media Nordvestlandet omfattar Sunnmørsposten - som er den største - , Romsdals Budstikke, og ei rekkje aviser i Romsdal, på Sunnmøre og i Nordfjord.

Publisert: 14.02.2020 08:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53