Paa pinebenken til september
INGEN FRÅ ÅLESUND: Konsernleiinga i SolstadFarstad. Korkje Farstad Shippingsjef Karl Johan Bakken eller Farstad Shippings finansdirektør Olav Haugland er med. 
Nytt

På pinebenken til september

Dei tilsette på SolstadFarstad-kontora må vente til september med å få vite kva dei skal jobbe med. 80-90 jobbar skal bort.

09.11.2017
- Intensjonen er at ein skal oppretthalde drift på alle dei fire norske kontora, seier konsernsjef Lars Peder Solstad i Solstad Farstad.
SolstadFarstad har 350 tilsette på kontora på land, dei fleste ved kontora i Grimstad, Skudneshavn, Ålesund og Fosnavåg.
I dag offentlegjorde selskapet toppleiinga i det samanslåtte selskapet Solstad Farstad, som består av Deep Sea Supply, Farstad Shipping og Solstad Offshore. Først i september kjem avklaringa om korleis oppgåvene i det samaslåtte reiarlaget skal fordelast mellom landkontora.

Doble og triple funksjonar

Samanslåinga av tre reiarlag betyr at SolstadFarstad får både doble og triple funksjonar. Det er det ikkje behov for, og det er ein av grunnane til at landorganisasjonen skal reduserast med 80-90 personar frå dagens 350, i følgje Solstad.
Hovudkontoret til SolstadFarstad blir i Skudneshavne som har vore Solstad sitt hovudkontor. Farstad Shipping hadde hovudkontor i Ålesund, Deep Sea Supply i Grimstad. Kontoret i Fosnavåg er det tidlegare kontoret til Rem Offshore, som vart overtatt at Solstad Offshore i fjor. Solstad vil ikkje kommentere kvar dei ulike oppgåvene skal plasserast. Det blir avkalrt i løpet av sommarne og tidleg på hausten.
- Prosessen startar no, seier han.

Bakken sluttar

Farstad-sjef Karl Johan Bakken blir ikkje med i det nye selskapet. Han sluttar ved årskiftet.
- Han har valgt sjølv å ikkje vere aktuell, seier Solstad.
Finansdirektør Olav Haugland blir heller ikkje med i konsernleiinga i SolstadFarstad.
Den vil bestå av fem menn frå Solstad Offshore (Lars Peder Solstad, Sven Stakkestad, Tor Inge Dale, Hans Knut Skår og Kenneth Lande) og to menn frå Deep Sea Supply (John Arne Gummedal og Anders Hall Jomaas).

Publisert: 09.11.2017 23:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:11