Paa nytt fritt aa reise til A Alesund
ÅLESUND: Frå i dag er det slutt på at personar som kjem frå fylka Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet og Vestland skal i heimekarantene i 14 dagar etter dei kjem til Ålesund.
Nytt

På nytt fritt å reise til Ålesund

Opnar opp att Ålesund for innreise. Gevinsten å stenge nokon ute er liten.

27.03.2020
Dei lokale restriksjonane på innreise som har vore sidan 20. mars. Men no er det ikkje lenger påkrevd med 14 dagar heimekarantene om du til dømes kjem frå Oslo til Ålesund.
Har nokon kome frå Sør-Noreg til Ålesund i løpet av dei siste 14 dagane, kan ein dermed avbryte karantenen.
Målet med dei lokale restriksjonane har vore å forseinke spreiinga til regionen.
- Dette har fungert godt. Vi har hindre smittestpreiing og vi har fått auka fokus på risikoen ved reise mellom regionane, seier kommuneoverlege Olav Mestad, i ei pressemelding.

- Liten gevinst

I pressemeldinga blir det vist til epidemien har så langt vore i Fase 1 i regionen. No går ein mot Fase 2 og då er ikkje slike restriksjonar like nyttige tiltak.
Det blir også vist til at reiseaktiviteten går ned uansett, og ein difor no vel å oppheve dei lokale reiserestriksjonane.
- Gevinsten ved å framleis halde grensene vil vere liten og det er viktig for næringslivet å ha enklare reglar å halde seg til. Det er no dei nasjonale vedtaka som heimekarantene frå til dømes utlandet som gjeld, seier ordførar Eva Vinje Aurdal.

Opnar for alle fylka

Vedtaket betyr at det dermed ikkje lenger nødvendig at dei som kjem til Ålesund kommune frå fylka Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet og Vestland skal i heimekarantene i 14 dagar etter dei kjem til Ålesund.
Det blir presisert at dei nasjonale reglane gjeld likevel og Helsedirektoratet sitt vedtak frå 12.03 står framleis:
1) alle som kjem til Noreg etter reiser utanfor Norden blir ilagde karantene (isolering) i 14 dagar etter at dei har kome.
2) alle som kjem til Noreg etter reiser utanfor Norden blir ilagde karantene (isolering) ved symptom som forkjøling, feber og/eller at dei er tungpusta.

Uroleg for påska

Restriksjonane omfattar òg reisande til Noreg via nordiske land, etter opphald utanfor Norden.
Kommuneoverlege Olav Mestad er uroleg for påska.
- Det er framleis viktig at alle tek dei nødvendige forholdsreglane. Hygienetiltaka, råd om å unngå folkemengder samt halde avstand, vert då spesielt viktige, seier kommuneoverlege Olav Mestad. Dette vert ei påske der vi må prøve å samlast i mindre grupper, vere sosiale på nye arenaer og nyte naturen utan at alle oppsøker dei same turmåla, seier han i pressemeldinga.
Det blir presisert at den nasjonale forskrifta om karantene og forbod mot opphald på hytte/fritidseigedom gjeld framleis. Personar som har fritidseigedom i ein annan kommune enn der dei er folkeregistrert, har forbod mot opphald på fritidseigedomen. Strengt nødvendig vedlikehald eller tilsyn for å hindre store materielle skadar er tillate.

Hareid opnar

Også andre kommunar har i dag oppheva reiserestriksjonane, blant anna Hareid kommune, melder Vikebladet Vestposten.
Gevinsten ved å framleis halde grensene vil vere liten og det er viktig for næringslivet å ha enklare reglar å halde seg til

Publisert: 27.03.2020 17:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55