Paa denne daglegvarebutikken jobbar folk fraa ti nasjonar
ARBEID ETTER PRAKSIS: Raheem Hasan (t.v.) og Eman Mohamad har begge vore i praksis på Mega. Hasan jobbar no fast ein kveld i veka. Begge er positive til korleis dei er teke imot av butikksjef Ann-Charlotte A. Sørheim (t.h.). 
Nytt

På denne daglegvarebutikken jobbar folk frå ti nasjonar

Butikksjef Ann-Charlotte A. Sørheim meiner bedriftene er forplikta til å ta i eit tak for integreringa – og har tilsett mange etter praksisplass. 

Marius Rosbach
20.08.2019
Utanforskap er ein av vår tid sine store utfordringar, og mange som kjem til Norge som flyktningar eller asylsøkjarar får aldri ein fast fot innfor arbeidslivet.
– Om vi skal klare å få nok folk i arbeid, må fleire bedrifter sjå at dei har nytte av å ta inn ulike type folk, seier Ulstein-ordførar Knut Erik Engh.
I Ulstein kommune har dei jobba mykje med desse utfordringane. Coop Mega-butikken på Blåhuset er ei bedrift som er spesielt aktiv i samarbeidet.
– Eg har alltid vore open for å ta i mot praksiskandidatar frå andre land, eller folk som har andre utfordringar. Eg meiner alle bør få ein sjanse, fortel butikksjef Ann-Charlotte A. Sørheim til NETT NO.

Ti ulike nasjonar

Sørheim har leia den Coop Nordvest-eigde butikken i fem år. Tidlegare har ho vore sjef i Coop-butikkar i Volda og Ørsta. Dei 23 tilsette ved Mega i Ulsteinvik i dag kjem frå ti ulike nasjonar.
– Eg undersøker gjerne personen litt, også koplar eg dei saman med ein av dei tilsette – som ei fadderordning, fortel ho.
Sørheim legg ikkje skjul på at det nokre gonger er mykje arbeid med å ta i mot tilsette som ikkje kan kulturen, eller enno ikkje har lært norsk.
– Her i butikken må dei snakke med kundar, lese på varer – både tal og bokstavar. Nokre gonger har det vore vanskeleg, men det har alltid losna. Dei er folk som deg og meg, påpeiker ho.

Mange har vorte fast tilsett

Ved butikken har dei teke inn flest tilsette på praksis via NAV, men også andre løysingar – mellom anna i samarbeid med kommunen.

– Vi kan ikkje ta inn flyktningar og asylsøkjarar til landet - og ikkje ha noko å gjere for dei. Bedriftene er ekstremt viktige i dette arbeidet. Eg meiner bedriftene er forplikta til å ta inn folk på slike ordningar, sjølv om eg skjønar at det kan vere vanskeleg for nokre, seier Sørheim.
Butikksjefen seier at erfaringa er at det går bra med dei fleste.
– Mange av dei som har starta med praksisplass her har vorte tilsett fast, seier Sørheim.
Mangel på arbeidskraft ikkje har vore drivkrafta ved arbeidet, og det har vore bra med søkjarar til stillingar dei siste åra.

– Matchar bedrifter og deltakar

Lars Erling Bjåstad Hovlid leiar kommunen sitt arbeid med inkludering og mangfald. Han forklarar at alle som går introduksjonsprogrammet også skal ut i praksis.
– Vi matchar bedrifter og deltakarar, og jobbar med å skaffe praksisplassar. Men vi har også læringsmål, og der har Coop vore veldig flinke. Dei har bidrege med rettleiing og jobba målretta med å gi folk den kompetansen dei treng, seier han til NETT NO.
Frp-ordførar Knut Erik Engh påpeiker at folk utan arbeid, ikkje berre er ei økonomisk belastning for samfunnet.
– Du skapar også eit klassedelt samfunn der nokre står utanfor fordi dei har ei anna bakgrunn enn folk flest. Vi ser på enkeltindividet og kartlegg kva som skal til for at den personen lukkast, fortel Engh.

Frå

Stortinget for å lære

Måndag hadde ordførar Engh besøk av partikollega Jon Engen-Helgheim som er stortingsrepresentant i kommunal- og forvaltingskomiteen.
– Vi ser at Ulstein allereie har vore inn på dei tankane som vi no er ferd med å ta tak i nasjonalt. Dei tenkjer opplæring som er yrkesretta og arbeidsretta, og tek tak i det arbeidet bedriftene i kommunen treng lokalt, seier han til NETT NO.
Stortingspolitikaren som også er innvandringspolitisk talsmann for partiet, meiner for mange kommunar seier ja takk til pengane dei får for å ta i mot flyktningar eller asylsøkjarar, men at ikkje alle kommunar gjer nok for å få integrert menneska det gjeld.
– Då flytter dei etterkvart inn til dei store byane. Utan å vere integrert eller å ha jobberfaring vert dei ei belasting for storsamfunnet, seier Engen-Helgheim.
Buskerud-politikaren seier at han er mest interessert i å finne ut korleis dei kan legge til rette for å få folk ut i varig arbeid, og ikkje kor mange kommunane har fått i arbeid kort tid etter at det obligatoriske introduksjonsprogrammet er gjennomført.
Du skapar også eit klassedelt samfunn der nokre står utanfor fordi dei har ei anna bakgrunn enn folk flest

Publisert: 20.08.2019 10:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38