Overtek Larissa og Despina
SØSTRE: Golden Energy Offshore Services hentar inn frisk kapital for å overta søsterskipa Larissa og Despina.
Nytt

Overtek Larissa og Despina

Ålesund-baserte Golden Energy Offshore Services tel straks seks skip etter at selskapet er i sluttprosess for å overta fleirbruksskipa Larissa og Despina.

28.09.2018
- Vi held det vi har lova. Vi skal vekse, seier adm. dir Per Ivar Fagervoll.
Selskapet har i dag managementet på dei to fleirbruksskipa, men har ein rett til å kjøpe skipa.
- Dette er vi no i god prosess med, og vi hentar også inn ny kapital, seier Fagervoll.

Neptune Subsea

Dei to skipa er av Ulstein-design og vart i 2011 overleverte til Oslo-baserte Neptune Subsea frå kinesiske Zhejiang Shipbuilding.
- To svært godt utstyrte skip, seier Fagervoll.
Golden Energy Offshore Services overtok i juni to andre fleirbruksskip under bygging ved kinesiske Nantong.
Prislapp for kvar av desse 83 meter lange skipa var på 145 millionar kroner.
- Vi er gjeldfrie, og er i god posisjon til å gjere fleire kjøp, mest sannsynleg innanfor subsea-feltet, seier Fagervoll.
Dei to skipa er no under ferdigstilling.
- Vi overtek dei i løpet av oktober, og tek dei truleg til Europa.

Svakare inntening

Frå før har selskapet Energy Scout og Energy Swan, dei to einaste skipa som låg i selskapet under børsnoteringa i april i år.
Ifølgje halvårsrapporten frå selskapet segla dei to skipa inn 28,9 millionar kroner, ned frå 44,9 millionar kroner i første halvår i fjor.
Spesielt gjekk inntektene ned for Energy Swan som arbeider i Nordsjøen, medan dei var nokså stabile for Energy Scout som jobbar utanfor Vest-Afrika.
Golden Energy Offshore Services hadde berre 42 aksjonærar då selskapet vart notert på Merkur Markets. No har talet passert 70.
Selskapet er no verdsett til 112 millionar kroner etter at aksjekursen har falle frå 5,90 til 4,50 kroner aksjen.
Vi held det vi har lova. Vi skal vekse

Publisert: 28.09.2018 12:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26