Overskottet halvert for Fjord1
NYE FERJER: Reiarlaget har fått fleire nye ferjer siste halvåret, mellom anna MF Suløy på Hareid-Sulesund. 
Nytt

Overskottet halvert for Fjord1

Svakare, men framleis solid kvartalsresultat for Fjord1.

Marius Rosbach
11.02.2020
Lågare volum og høgare investeringar viser att i rapporten for andre kvartal frå Fjord1.
I andre kvartal omsette selskapet for 689 millionar – om lag 100 millionar mindre enn same periode i fjor. Resultat etter skatt i kvartalet vart 104 millionar, ein nedgang frå 122 millionar i fjor, ifølgje .
på Oslo børs ha gått ned gjennom sommaren frå ei toppnotering på drygt 40 kroner for aksjen i juni, til under 37 kroner. Onsdag føremiddag var kursen uendra ein dryg time etter kvartalsrapporten kom.

Halvering av overskottet

Samla inntekter første halvår var på 1329 millionar – 176 millionar lågare enn same periode i fjor. Resultat etter skatt på 117 millionar, er om lag ei halvering frå første halvår i fjor, då overskottet var på 229 millionar.
Reiarlaget trur fallet i inntekter er forbigåande og ventar gradvis auka etter oppstart av nye kontraktar ved starten av 2020.

Les også:



Overgangsår

Trafikkselskapet har varsla at 2019 er eit overgangsår med betydelege investeringar både til nybygg og infrastruktur. I tillegg er det førebuingar til oppstart av nye kontraktar neste år.
- Sjølv om vi er i overgangsår med lågare volum og høge investeringar, har vi positive resultat i alle dei fire segmenta og ein EBITDA-margin på 33% som er på same nivå som andre kvartal i fjor, påpeiker, administrerande direktør Dagfinn Neteland i ein kommentar.
At reiarlaget mista den trafikktunge ruta Halhjem-Sandvikvåg i Bjørnefjorden held fram å svekke inntektene. Også Flakk-Rørvik-sambandet vart avvikla ved inngangen til året.
Neteland seier dei er glade for å ha sikra seg Halsa-Hanestraum-sambandet for perioden 2021-2030, ei kontrakt som vart signert 16. august.
Fjord1 starta ved inngangen av året opp sambanda Hareid-Sulesund, Brekstad-Valset og Arvågen-Mortavika-Daløy-Haldorsneset.

Mange nye ferjer

Fjord1 ventar til saman 14 nye fartøy inn i flåten i løpet av første halvår. Dei to Hareid-Sulesund-ferjene Giskøy og Suløy er allereie levert, saman med MF Rovdehorn, som vart sett i trafikk i Sykkylven–Magerholm-sambandet i juli.
Kontraktporteføljen fram til 2033 har ein samla verdi på 24,5 milliardar.

Les også:



Sævik-familien sitt selskap Havilafjord eig 51,5 prosent av aksjane i Fjord1 gjennom selskapet Havila Holding.
Havila Holding eig 33,4 prosent i Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO.

Publisert: 11.02.2020 08:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38