Overraska over Hurtigruten
TUNNEL: Rolf Domstein er overraska over Hurtigruten, men fastslår at Stad skipstunnel uansett ikkje skal byggjast for Hurtigruten.
Nytt

Overraska over Hurtigruten

Styringsgruppa for Stad skipstunnel trur på tunnelprosjektet sjølv om Hurtigruten seier nei og Jon Georg Dale snurpar saman pengesekken.

02.06.2020
NPK-Bjørn Ivar Austevik Voll: – Eg kan ikkje forstå at det skal ha noko å seia for om tunnelen blir bygd eller ikkje, seier leiar Rolf Domstein i styringsgruppa for Stad skipstunnel til Nynorsk pressekontor.
Måndag blei det kjent at Hurtigruten ikkje kjem til å segla gjennom skipstunnelen om han blir bygd. Selskapet meiner det er tryggare å segla rundt Stad i Sogn og Fjordane.
– Målet med ein skipstunnel ved Stad skal vera å redusera reisetid, redusera forureining og redusera faren for ulykker. For Hurtigrutens del, vil det å bruka tunnelen kort sagt føra til det stikk motsette, seier kommunikasjonssjef Rune Thomas Ege i Hurtigruten.

Overraska over Hurtigruten

Domstein er overraska over avgjerda.
– Kapteinar på Hurtigruten har vore med på i utviklinga av prosjektet fordi dei meiner det er viktig, så det er overraskande at Hurtigruten no seier nei.
Med to passeringar i døgnet, meiner Domstein tunnelen uansett ikkje er planlagt for Hurtigruten.
– Tunnelen er dimensjonert for dei største skipa til Hurtigruten, men blir ikkje bygd for dei. Eg registrerer uansett at det er ulike meiningar i bransjen, seier Domstein.
Han viser til at Havila Kystruten ser eit stort potensial for skipstunnelen som eit trekkplaster for turistar. Frå 2021 seglar dei kystruta mellom Bergen og Kirkenes med fire skip, og reiarlaget vil bruka tunnelen.

Dale vil ha kostnadskontroll

Før helga sa samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) at ein må få kontroll på pengebruken i prosjektet før ein planlegg vidare.
– I utgangspunktet skal dette prosjektet realiserast, men me må få kontroll på kostnadane før me kan gå vidare. Me må vita kva me skal planleggja, sa statsråden, som opna for å vurdera størrelsen på tunnelen.
Domstein åtvarar mot å bygga ein mindre tunnel.
– Signala me får, er at ein mindre tunnel er ei dårleg løysing. Det er spesielt uheldig viss ein vedtar ein mindre tunnel på bakgrunn av KS2-rapporten, seier Domstein, som har tru på at tunnelen kan byggjast for 2,7 milliardar.
Prosjektet ligg inne i Nasjonal transportplan 2018–2029 med ein kostnad på 2,7 milliardar. Ifølgje kvalitetssikringa av prosjektet trengst ei kostnadsramme på 4,35 milliardar 2018-kroner, inkludert meirverdiavgift.
– Dette er eit lite samferdsleprosjekt og overskridingane er små, seier Domstein. Han legg til at styringsgruppa for Stad skipstunnel meiner kvalitetssikringsrapporten er eit makkverk som har lagt til ekstra kostnadar som ikkje er reelle.
Kapteinar på Hurtigruten har vore med på i utviklinga av prosjektet fordi dei meiner det er viktig

Publisert: 02.06.2020 08:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:27