Over halvparten av innteninga fraa betongflaater
HADDAL: Stor aktivitet med bygging av betongflåter til oppdrettsnæringa ved Ulstein Betongindustri.
Nytt

Over halvparten av innteninga frå betongflåter

Bygging av serviceflåter til oppdrettsnæringa står no for brorparten av omsetninga i Ulstein Betongindustri.

13.07.2018
Det Haddal-baserte konsernet omsette i fjor for 139 millionar kroner, opp frå 130 millionar året før.
Men brorparten av omsetninga kom frå bygging av flåter til oppdrettsnæringa gjennom det heileigde dotterselskapet Ulstein Betong Marine. Har var omsetninga 83,8 millionar kroner, tre millionar meir enn året før.

Svekka resultat

Resultatmessig vart fjoråret litt dårlegare enn 2016. Resultatet før skatt for konsernet enda i fjor på 7,7 millionar kroner, mot ti millionar i 2016.
Konsernet har hovudbasen i Haddal og leverer ferdigbetong, pukk, singel og grus. I tillegg til flåter i betong til oppdrettsnæringa, leverer ein også flytekaier, flytemoloar og bølgjedemparar.
Konsernet har også eige knuseverk på eigen grunn, driv entreprenørverksemd, kran- og transportservice og byggjer ut bustadfelt i eigen regi.

Samla døtrene

Frå å vere delt opp i seks ulike selskap, vart alle dotterselskapa frå og med 2015 samla under same konsernparaplyen.
Administrasjonen er samlokalisert ved hovudkontoret i Haddal, men det er eigne daglege leiarar i dei ulike dotterselskapa. Største selskapa er Ulstein Betong, Ulstein Betong Constructer og Ulstein Betong Marine.
Konsernet har ei lang rekkje lokale aksjonærar, der Leif-Inge og Oddvar Moldskred er størst med 7,5 prosent kvar, medan Tor-Inge, Ståle og Vidar Moldskred har 7,08 prosent kvar.
Aksjonærane kan no dele eit utbyte på tre millionar kroner for fjoråret.

Publisert: 13.07.2018 06:00

Sist oppdatert: 16.07.2021 13:08

Mer om