Over 50 prosent vekst for Arctic Nutrition
VEKST: Så langt i år ligg Hogne Halleråker (t.v) og administrerande direktør Ole Arne Eiksund an til nesten tre gangar høgare driftsinntekt enn i 2016.
Nytt

Over 50 prosent vekst for Arctic Nutrition

Helsekost-produsenten ligg over målet.

14.06.2018
Artic Nutrition har budsjettert med 50 prosent vekst i driftsinntektene i år.
- Så langt i år ligg vi framfor planane våre, seier administrerande direktør Ole Arne Eiksund.
Det betyr at selskapet ligg an til å passere 30 millionar kroner i driftsinntekter i 2018, nesten tre gongar meir enn i 2017 (sjå tabell).

Prioriterer vekst

Veksten i fjor medverka til å redusere underskotet til sitt hittil lågaste nivå, men Eiksund vil ikkje utelukke at selskapet kan kome til å få minustal også i år.
Det skjer i så fall som eit resultat av ei medveten satsing på vekst. Arctic Nutrition prioritere å ta ein større del av marknaden, seier Eiksund.

Silderogn som medisin

Utgangspunktet

for Arctic Nutrition sine produkt er silderogn, som blir vidareforedla til ulike helsekostprodukt.
Neste steg er å vinne innpass i marknaden for farmasi-produkt. Produkt basert på silderogn har vist seg å ha positiv effekt på hudsjukdomen psoriasis, og dei første resultata av medisinske testar er venta å vere klare i haust.
Viser testane seg å dokumentere den effekten Arctic Nutrition håpar på opnar det seg ein ny og stor marknad for selskapet.

Vil hente inn pengar

- Vi har ein ambisjon om at selskapet vårt skal vekse og ha ein verdi på mange milliardar kroner, sa medgründer Hogne Hallaråker då han presenterte selskapet for ein delegasjon av tilsette i Nærings- og fiskeridepartementet på besøk i Ålesund i april.

Selskapet bur seg på å hente inntil 50 millionar kroner frå investorar i år i samband med satsinga i farmasimarknaden, men tidspunktet for eventuelt å gå ut til investorar er ikkje avgjort.

Publisert: 14.06.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23