Over 400 jobbar i biomarin industri
SOLID: Den biomarine industrien har eigenkapital og eigarar med evne til å finansiere vekst, meiner Runar Debess i Sparebanken Møre.
Nytt

Over 400 jobbar i biomarin industri

Industrien i  Møre og Romsdal som vidareforedlar avskjær og restråstoff frå fiskeri- og oppdrett har over 400 tilsette og 1,8 milliardar i kroner i driftsinntekter.

17.04.2018
Til saman er det snakk om 19 bedrifter viser ein analyse som Runar Debess legg fram på ein konferanse om marine ingrediensar i regi av klyngeorganisasjonen Blue Legasea i dag. Medarrangørar er og Sjømat Norge, Biotech North og Fiskeri og Havbruknæringens Forskningsfond.
Dei siste tre åra har driftsinntektene variert mellom 1,7 og 1,8 milliardar kroner og resultatmarginen mellom fire og ti prosent. Resultatmarginen er resultatet før skatt i prosent av driftsinntektene.

Store investeringar

Debess seier resultatmarginen i denne industrien bør ligge på sju-åtte prosent, men at resultata er prega av store investeringar i anlegg, forsking og utvikling.
Analysen omfattar alle selskapai biomarin industri i Møre og Romsdal, men resultata til Rimfrost og Hofseth Biocare ikkje er rekna med. Ekstraordinære kostnadar og tap i dei to selskapa i analyseperioden er så store at det vil gi eit feil bilete av resten av bransjen om resultata til dei to blir rekna med.

Spår vekst

I analysen spår Sparebanken Møre vekst for bransjen framover. Den veksten bør vere lett å finansiere, meiner banken.
Dei biomarine bedriftene har i gjennomsnitt ein eigenkapitalandel på over 40 prosent og truleg god tilgang på meir kapital frå eigarar og eventuellt nye investorar.
På ein del produkt vil det bli prispress, men samstundes er deler av marknaden lite utvikla.

Rom for gründarar

Den biomarine bransjen vil framleis ha god plass til gründarar, spår banken.
Gründarane vil utvikle nye produkt og nye marknadar, medan den etablerte industrien gradvis vrir produksjonen frå bulkprodukt til meir foredla og betre betalte forbrukarretta produkt.
Både i fiskeri- og fiskeforedlingsindustrien vil merksemda på inntektspotensialet som ligg i å utnytte avskjær og restråstoff auke, i følgje analysen.

Publisert: 17.04.2018 11:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:21