Ordreinngangen er meir enn halvert
MAGERT ÅR: Administrerande direktør Asle B. Strønen i Norske Skipsverft reknar med at 2019 vert eit svakt år. I dei to foregåande åra var ordreinngangen høg - etter at 2016 også baud på få nye bestillingar. 
Nytt

Ordreinngangen er meir enn halvert

Bransjeorganisasjon er uroa for kapasitetsutnytting og sysselsetting etter at det er bestilt langt færre skip ved norske verft i år.

Marius Rosbach
16.09.2019
Ordreinngangen til dei norske verfta er langt svakare i år, enn i fjor. Det vekker bekymring hos Norske Skipsverft.
Tal frå første halvår viser at det blei inngått ti kontraktar til ein verdi av 3,5 milliardar kroner. Tilsvarande tal frå året før var 27 kontraktar til ein verdi av 12,4 milliardar – noko som var eit svært godt halvår.
– Den låge bestillingstakta kan kanskje tilskrivast marknadsforhold. Etter ei periode med høg kontrahering, så kjem det gjerne ei rolegare periode, før det tek seg opp igjen, seier administrerande direktør Asle B. Strønen til Norske Skipsverft til NETT NO.

Langt bak fjoråret

Nokre dagar før tredje kvartal er over, har ordreinngangen vekse til 18 kontraktar til ein verdi av fem milliardar. Det er framleis langt lågare enn det har vore dei siste åra.
– Vi meiner ordreinngangen er svak første halvår, og det er urovekkjande både i forhold til kapasitetsutnytting og sysselsetting. Vi ventar at 2019 som heilheit blir eit dårlegare år når det gjeld ordreinngang, seier Strønen.
Norske Skipsverft registrerer alle kontraktar på meir enn 50 millionar kroner. I heile fjor kom det inn bestillingar på . Det er grunn til å påpeike at tre kystvaktskip og to cruiseskip til Viking Cruises stod for nær halvparten av verdien på ordrane det året.

Vil ha permanent skipsordning

Den sokalla skipsordninga – som gjer at reiarar kan få finansiering via GIEK og Norsk Eksportkreditt til fartøy i Norge – er viktig for å sikre ordreinngangen, meiner Strønen.
– No er vi halvvegs i den treårige prøveperioden og ordninga er oppe til evaluering denne hausten. Vi meiner det trengs ei prøveperiode på meir enn tre år, om den skal sette seg skikkeleg i marknaden. Samtidig ønskjer vi at den blir gjort permanent, og meiner det vil vere viktig for både norsk industri og leverandørindustrien, held han fram.
Ferske tal frå Norsk Eksportkreditt tyder på at ordninga fungerer etter hensikta, men då ville ho førebels ikkje love noko for framtida og viste til et evalueringa først måtte gå sin gang.

Les også:



Oppmodar til å velje norsk

Norske Skipsverft-sjefen ser naturleg nok ikkje med blide auge på at ein del reiarar veljer å bygge i utlandet.
– Vi har ikkje eksakte tal, men vi registrerer at det går ein del ordrar til verft i utlandet. Jubelen står jo ikkje i taket over det, kommenterer Strønen.
Sjølv om det kan vere fleire årsaker til at utanlandske verft stikk av med mykje arbeid, er det ingen tvil om at pris spelar ei stor rolle.
– Det er utvilsamt viktig, men også relasjonar spelar inn. Vi skulle sjølvsagt sett at det blei plassert fleire kontraktar ved norske verft, og vil oppmuntre til det, seier han.

Fleire på jakt etter folk

Medan verft som og har svært tøffe tider med lite arbeid, er det også delar av verftsnæringa som har godt med jobb.
– Fleire av våre medlemsverft har auka bemanninga, eller har planar om å auke talet på tilsette. Det kjem mellom anna fordi det er meir arbeid med reparasjon og vedlikehald, seier Strønen.
NETT NO omtala til dømes nyleg situasjonen ved Vegsund Slip, der dei har – og .

Les også:



Vi skulle sjølvsagt sett at det blei plassert fleire kontraktar ved norske verft, og vil oppmuntre til det

Publisert: 16.09.2019 16:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:39