Optimistiske tonar fraa Ekornes
FULL FART: Fem prosent auka i salet i førre veke gjer at Ekornes-sjef Roger Lunde (til høgre) set full fart på Stressless-produksjone igjen.
Nytt

Optimistiske tonar frå Ekornes

Set full fart på Stressless-produksjonen frå neste veke.

28.05.2020
Avgjerda betyr at omlag 700 i produksjonen er attende i full jobb, medan rundt 300 i administrasjonen og sofaproduksjonen er permittert 50-60 prosent, seier konsernsjef Roger Lunde.
Det er i marknadane som har starta å opne økonomien har salet har gått opp, i Norden, Tyskland, Australia og delvis Asia. Lunde ventar en oppgang også i Storbritannia og USA, når det blir opnar der.
Folk som har pussa opp under koronatida gir no Ekornes eit løft.
- Statistisk er det sånn at ein tredjepart av alle som pussar opp dei skal ha nye møblar, seier Lunde.

Fem prosent auke

Då koronaepiedemien kom var Ekornes rakst ut med permitteringar og kostnadskutt, og har også bede obligasjonslångivarane om å lette på vilkårar for å sikre seg finansielt handlingsrom.
Lunde understerkar at han ikkje trur koronakrisa er over for godt, men nett no er det opptur. I førre veke auka salet av Stressless sofaer og stolar med fem prosent samanlikna med same periode i fjor.
For datteselskapet IMG auka salet med 18 prosent.
Ekornes tolkar salsauken som eit vendepunkt og eit teikn på at salet vi ta seg opp etterkvart som fleire og fleire land no lettar på restriksjonane mot koronaepidemien. Etter pinse, frå tysdag 2. juni skal produksjonen av Stressless går for full igjen, skriv selskapet i ei børsmelding.

Mest i Norden

Det spesielt i Norden salet aukar, men det er også stigande i sentral-Europa og Asia.
I Sør-Europa, Storbritannia og USA kallar Ekornes situasjonen framleis "utfordrande".
Sjølv om selskapet ser ein gryande opptur har året så langt vore tøft på grunn av koronaepidemien , med permitteringar og i nedgang på 21 prosent i salet av Stressless-produkt og 13 prosent på IMG-produkt. Det segmentet som er minst råka av koronaepidemien er madrasser, som har ein salssvikt på berre to prosent hittil i år. Fabrikken på Fet i Akershus har gått for full maskin sidan 1. mai og der jobbar dei tilsette no overtid for å få ordrane unna.

Vurdere sommarjobbing

Opninga i Storbritannia og USA kan kome midt i sommarferien. Ein av grunnane til at Ekornes skrur opp produksjonen no er for å ha nok møblar på lager om etterspørselene stig når dei tilsette har sommarferie.
Ekornes vurdere og om det er råd å produsere i ferien, om etterspørselen blir stor nok.
- Vi ser på moglegheita for å korte ned eller flutte på ferie i diskusjon med dei tillitsvalde, seier Lunde.

Publisert: 28.05.2020 13:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57