Optimistane tok ikkje koronapause
<i></i>
Nytt

Optimistane tok ikkje koronapause

Pandemien kasta om på alle planar og forventningar, men store deler av næringslivet på Nordvestlandet har klart seg godt.

23.12.2020

Årets NETT NO-magasin er det åttande i rekka der vi tek pulsen på næringslivet i kommunane på Sunnmøre og i Nordfjord.

  • Dette er ein artikkel frå NETT NO-magasinet 2020 som ein smakebit for ikkje-abonnentar. Del den gjerne med dei du trur har glede og nytte av å lese oss.


Akkurat som i 2019-magasinet ser vi ei todeling i næringslivet. Det er dei store lokomotiva, skipsbyggingsselskapet Vard, Ulstein Group, Kleven og Havyard, saman med skipsutstyr- og skipsdesignselskapet Kongsberg Maritime CM (tidlegare Rolls-Royce Marine) som slit. Kleven Verft har til og med gått konkurs, og eit nytt selskap - Green Yard Kleven - har tatt over anlegget og starta ny drift i mindre skala.


Dei mindre og mellomstore selskapa gjer det betre, og sytte i fjor for at næringslivet på Nordvestlandet betra lønsemda frå 2018 til 2019.

Magasinet 2020 vart planlagt i vår, då uvissa om konsekvensen av koronaepidemien framleis var stor, og talet på permitterte gjorde at ein kommune som Sykkylven hamna heilt i toppen på den nasjonale arbeidsløysestatistikken. (I dag er situasjonen i Sykkylven snudd, mellom anna fordi møbelprodusenten tilset folk i ein takt Ekornes ikkje har gjort på ti-år.)


Vi tenkte at vi hadde to val, å konsentrere oss om artiklar med framtidsprognosar – som akkurat då såg dystre ut, eller løfte fram personar som med optimisme og pågangsmot på ulikt vis skapte optimisme og fekk oss til å sjå forbi epidemien og problema den skaper og skapte.

Vi valde optimistane.

Det handlar mellom anna om Flakk-familien og to hotellutbyggingar på Hellesylt, om Anja Solevågseidet og samlingsplassen for gründerar, nye bedrifter og investorar i Ålesund, om byggeplanen til fiskebåtreiar Rita Sævik, om jordbærplukkar-rekrutteringa til Ivar Morten Normark, om Måløy-kvinna som flytta heim og starta ny sjømatbedrift, og ikkje minst om ungdomane som står bak turistsatsinga i annaleislandet Trandal.

At optimistar utgjer ein skilnad er datasenteret Lefdal Mine Datacenter eit døme på. Datasenter sprang ut av ein ide i miljøet i og rundt IT-selskapet Localhost, som i sin tur såg dagens lys etter at tidlegare Båtbygg-sjef Gunnar Carlsson greidde å overtale ein av Localhost-gründerane, Sindre Kvalheim, til å flytte heim og få i gang ny verksemd i Måløy.


Tidlegare i år selde Måløy-miljøet seg ut av Lefdal Mine Datacenter, og no vil Kvalheim og medgründarene hans i Localhost bruke ein del av pengane dei fekk frå salet til å starte eit nytt investeringsselskap, som skal løfte fram nye selskap.

Vi håpar at magasinet fell i smak.

God Jul og god lesing!


Kjetil Haanes, Ogne Øyehaug og Marius Rosbach


Publisert: 23.12.2020 15:00

Sist oppdatert: 20.12.2021 08:26