Optimisme paa verftskonferansen
OPPOVER: Stemninga i skipsbyggingsbransjen er på veg oppover, fortel Lars Gørvell-Dahll i Norsk Industri.
Nytt

Optimisme på verftskonferansen

- I fjor lurte vi på om det gikk oppover. No ser vi at det går rette vegen, seier Lars Gørvell-Dahll i Norsk Industri.

05.11.2018
430 personar i skipsbyggingsbransjen samlast på Norsk Industris årlege Verftskonferanse i Ålesund tysdag 6. og onsdag 7. november.
God ordreinngang er bra for verfta og mange nye skipstypar er interessant for utstyrsleveranadørene. Medan stemninga i fjor var avventande er det no almenn semje om at industrien er på veg oppover, i følgje Gørvell-Dahll.

Ministeropning

Konferansen blir opna av næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.
Programmet første dag er delt i to, ein bolk om marknadsutviklinga framover og tilstanden hos utstyrleverandørane og ein bolk om digitalisering.

Andre dag er cruisebransjen og miljøkrav tema, i tillegg til at Enova har eit eige seminar om elektrifisering av sjøtransporten.

Nye jobbar

Optimismen i bransjen kom mellom anna fram i rapporten som Menon Economics laga til Klyngekonferansen i september i år, den årlege samlinga for den maritime klynga på Nordvestlandet.
Alle segment i klynga melde om auka inntekter og ventar stigande lønsemd. I tillegg skal det altså finnast folk til 700 nye stillingar i løpet av dei to neste åra. Tidshorisonten er også blitt vidare. For eitt år sidan hadde bedriftene i klynga i gjennomsnitt arbeid åtte månader fram i tid. Det har nesten dobla seg, til 14 månader.

Publisert: 05.11.2018 12:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:27