Optimar satsing paa restraastoff
STOR MARKNAD: Peder Stette i Optimar seier krillfabrikk-kontrakten med Aker Biomarin sette fart på Optimar si satsing på anlegg for restråstoff-vidareforedling.
Nytt

Optimar-satsing på restråstoff

Optimar ventar inntekter på fleire 100 millionar kroner i året på restråstoff-anlegg til fiske- og oppdrettsbransjen.

04.04.2018
Samarbeidet med Aker Biomarine om å utvikle foredlingsanlegget for krill ombord på krillfiskebåten Vard byggjer for Aker Biomarine sette fart i Optimar si satsinga på anlegg for vidareforedling av restråstoff frå fiskeri- og oppdrett. Det seier teknologisjef Peder Stette i Optimar.
Kontrakten med Aker Biomarine er på rundt 250 millionar kroner.

No kjem Optimar med anlegg retta både mot fiskeflåten og industrien på land. Stette seier selskapet mellom anna arbeider med anlegg som kan settast inn i eldre fiskefarty, ikkje berre nybygg.

Fleire 100 millionar

Stette sitt anslag er at anlegg for vidareforedling av restråstoff, som avskjær og innmat, vil på verdsbasis utgjere inntekter for Optimar på "fleire 100 millionar i året".
Det betyr at reståstoff-satsinga etterkvart kan utgjere ein betydleg del av inntektene for selskapet. Optimar-konsernet hadde 1,1 milliardar kroner i inntekter i 2017.

Prosessforståing

Medan innvollar og avskjær tidlegare var avfall er det gradvis blitt ein ressurs for fiskeri- og oppdrettsnæringa. Innvollar og avskjær blir i første omgang vidareforedla til olje, proteinpulver og beinmjøl - som i sin tur kan foredlast vidare til meir spesialiserte produkt.
I utgangspunktet enda mykje som dyrefôr, men etterkvart er meir blir vidareforedla til produkt som går til menneskleg konsum - med omega 3-produkt som dei mest kjende.
No er merksemda i aukande grad også retta mot å utvikle proteinprodukt og olje.

Stette seier bygginga av fabrikken ombord i krillskipet og utvikla av restråstoff-anlegg for fiskeri- og oppdrett har gjort at Optimar har bygd opp kompetanse som elles finnes i prosessindustri. I fjor haust blei Anders Bjørnerem, med kjemiutdanning frå Universitetet i Bergen og erfaring frå Firmenich Bjørge Biomarin, Hofseth Biocare og fiskebåtreiarlaget Nordic Wildfish, tilsett for å leie arbeidet med å utvikle anlegg som krev prosessindustriskompetanse.

Publisert: 04.04.2018 06:00

Sist oppdatert: 28.04.2021 09:21