Opshaug med god vekst siste aara
STRANDA: Opshaug Sandtak as på Stranda er ei maskinentreprenørbedrift som driv anleggsarbeid, mobile knuseverk, masseleveransar og produksjon av ferdigbetong mellom anna. Her er dagleg leiar og medeigar Lars Tore Opshaug. 
Nytt

Opshaug med god vekst siste åra

- Men færre utlysingar på vegprosjekt merkast no i bransjen, seier Lars Tore Opshaug i Opshaug på Stranda.  

Kristin Vidhammer
14.11.2017
- Konkurransen i bransjen er hard og det har vore lite vegutlysningar siste åra. Vi hadde håpa at det vart fleire vegprosjekt med i statsbudsjettet, så det var skuffande. Det er massevis av mindre flaskehalsar på strekningar i regionen som skulle vore brukt pengar på, seier dagleg leiar Lars Tore Opshaug i Opshaug.
Dei har normalt hatt høg aktivitet på betong, tunnel og veg. Men sidan tilgongen på større prosjekt er mindre no enn den var for få år sidan, er det større konkurranse på dei andre oppdraga i næringa. Utfordringa framover ligg dermed i å sikre nok arbeid og i tillegg ha god nok inntening.
- I vår hadde vi ganske lite arbeid, men frå i haust og framover vinteren har vi heldigvis ein god ordrereserve, seier han.

Godt fornøgd med resultata

Opshaug hadde i 2015 og 2016 mellom anna arbeid på siste byggjesteget med veg- og rassikring på strekninga Røyr-Hellesylt, noko som utgjorde omlag 40 prosent av omsetninga på 100-115 millionar i Opshaug desse åra. Resultatet før skatt var på 11 og 7 millionar kroner desse to åra (sjå tabell).
- Vi har hatt positive tal i alle år heldigvis, og vi har ikkje noko mål om å heile tida vekse. Veksten vi har hatt, har kome naturleg i marknaden, og vi er godt fornøgd med resultata siste åra. Det er viktig å ha solid økonomi som gir ein handlefriheit, seier han.
Selskapet har sidan 2009 dobla driftsinntektene. I år reknar dei med ei omsetning på 90 millionar kroner, som er ein tilbakegong i forhold til dei to foregåande åra.
Opshaug Sandtak as på Stranda er ei maskinentreprenørbedrift som driv anleggsarbeid, mobile knuseverk, masseleveransar og produksjon av ferdigbetong. Dei har massetak på Stranda, på Valderøy og i Brattvåg, og leverer alle typar knust pukk, i tillegg til naturstein. Dei tek også på seg sprengning og transport av maskiner opp til 45 tonn.

Marknad i nordvest

Marknaden er frå Sunnfjord i sør og opp til Moldefjorden, og der dei har både offentlege og private kundar. Dei samarbeidar gjerne med større entreprenørar på større prosjekt.
- Vi gjer også mykje grunnarbeid på både bustader, hytter og næringsbygg mellom anna. Vi har hatt ein del arbeid med hytter på Strandafjellet, rehabilitering av vatn- og kloakkanlegg på Stranda, i tillegg til at vi no har oppdrag for Orkla i samband med utviding av industriområdet i Svemorka, utviding for Ole Ringdal på Hellesylt, arbeid på Sulesund ferjekai og arbeid for Hofseth Aqua i Tafjord - for å nemne noko.
Lars Tore Opshaug er andre generasjon i Opshaug Sandtak as, som er seksti år til neste år. Han eig selskapet 50/50 prosent saman med Jens Petter Opshaug.
Det er no 45 tilsette i selskapet.

Opptatt av rekruttering

- Vi er godkjent lærebedrift og vi tek inn 1-2 nye lærlingar som anleggsmaskinførar kvart år. Det er viktig for å sikre rekruttering i framtida. Heldigvis er det god søknad på desse linene, og blant anna er det eit håp om å utvide frå to til tre klassar på Borgund Vgs no, seier han.

Leiar i bransjeforeninga i Møre og Romsdal

Han er også leiar i Maskinentreprenørenes Forbund i fylket.
- Vi i næringa er opptatt av næringspolitikk, rekruttering og like konkurransevilkår i offentlege anbodsprosessar.
Blant anna ser dei at der er ein del kreative kommunar som lager kriterier som ikkje alltid er objektive.
- Vi spør oss difor om dei har gode nok reglar for vekting av desse når det er noko anna enn pris som skal vektleggast. Dette er viktig å sikre forutsigbarheit i konkurransen om oppdrag. I Statens Vegvesen er det til slik at dersom ein er kvalifisert, kan ein vere med å konkurrere - og då er det pris som gjeld, noko vi opplever som lettare å forhalde oss til.

Opptatt av teknologi

Opshaug er opptatt av teknologi og ligge i forkant, blant anna har selskapet elektronisk registrering av alle arbeidstimar via Iphone, som gir kundane nøyaktigheit og tryggleik i forhold til fakturerering og gjennomføring.
Også anleggsmaskinene blir stadig meir avanserte.
- I dag er det slik at dei fleste av litt større gravemaskinene har GPS med innlagt kart over heile byggeprosjektet - i staden for stikker som ein tradisjonelt har brukt.
Maskinentreprenørbransjen vert stadig utfordra på miljøaspektet og det vil etterkvart kome krav om alternativt drivstoff også her.
- Dette er ei utfordring for maskinleverandørane, og det vil kunne kome krav om hydrogenmotorar mellom anna. Men dieselmotorane har vore gjennom ei betydleg utvikling, i dag slepp nye maskiner og lastebilar ut berre 4 prosent av utsleppa i år 2000.
Selskapet er ein ganske stor forbrukar av diesel naturleg nok, og ei krone høgare dieselpris betyr 1 million ekstra i utgifter i året for dei.
- Derfor er vi også veldig bevisst på å unngå tomgong på maskinene. Ein kan programmere dei til å slå av motorane etter 3 minutter for eksempel.
Opshaug Sandtak vart etablert i 1958 av Torbjørn og Oddvar Opshaug.

Vi har hatt positive tal i alle år heldigvis, og vi har ikkje noko mål om å heile tida vekse

Publisert: 14.11.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:15