Opptur i Nordfjord
NY LOGO: Omorganisering, ny giv og på toppen av dei heile – ny logo. Marita Sylvi Lindvik i Visit Nordfjord har brukt mykje tid på å bygge felles identitet og brei entusiasme for reiselivsbransjen i Nordfjord. <strong> </strong>
Nytt

Opptur i Nordfjord

Våren 2015 havarerte planane om å samle reiselivsselskapa på Nordvestlandet. I Nordfjord knaka Reisemål Stryn og Nordfjord i samanføyingane. Det var starten på ein opptur.

30.12.2017
- Det går betre enn nokon gong, seier reiselivssjef Marita Sylvi Lindvik i Visit Nordfjord om reiselivsutviklinga i Nordfjord.



Ho har hatt ei sentral rolle i omforminga av reiselivslaget etter at det vart ein ny start i 2015.
- Tidlegare var reiselivssamarbeidet prega av å vere fragmentert. Det vi mangla var ein felles identitet, entusiasme og kultur, seier Lindvik.

Ny giv

15. desember 2015 var det ekstraordinær generalforsamling i selskapet. Då blei det formalisert det som reiselivsaktørane i Nordfjord hadde jobba med og for i fleire månader.
Namnet blei nytt, Visit Nordfjord. Fleire og nye eigarar kom til. Frå å vere dominerte av kommunane, tok private aktørar over som dominerande eigarar etter ei kapitalutviding. Og det blei bestemt at Nordfjord, med slagordet ”Alt i ein fjord ” skulle byggast som merkevare.
- Det var då den nye given kom, seier Lindvik.
Det synlege beviset på den nye satsinga er logoen, der Nordfjord er sett saman på ein fiffig måte (du ser den på trøya til Lindvik). Men logoen er berre toppen av kransekaka. Den åleine har lite å bety.
- Vi har utvikla ei merkevare, eit kommunikasjonskonsept og ein visuell identitet tufta på Nordfjord sine fortrinn. Ei sterk merkevare er ikkje noko mål i seg sjølv, men eit middel for å nå målet om fleire lønsame turistar til regionen gjennom heile året, seier Lindvik.

Alle skulle med

Lindvik og Visit Nordfjord har brukt mykje tid på å overtyde den delen av næringslivet som ikkje er direkte knytt til reiselivsnæringa om at også dei får nyte godt av ei veksande turistnæring. Arbeidet med merkevarebygginga handlar i stor grad om å bygge opp ein identitet og utvikle ein fellesskapsfølelse som vil styrke Nordfjord som bu- og arbeidsregion og dermed auke overrislingseffektane for andre næringar.
Undervegs hadde ho og kollegaene ei styringsgruppe og ei arbeidsgruppe på 19 personar å støtte seg på, i tillegg til at det vart gjennomført intervju med næringsaktørar.
Planen er å få flest mogleg bedrifter til å ta i bruk logoen, og profilere seg sjølve og Nordfjord-regionen i same slengen.
Visit Nordfjord har og utvikla tre undervaremerke for å spisse marknadsføring og satsing; Nordfjord Smak for lokale mat- og drikkeprodusentar og -arrangement, Nordfjord Spor for vandring, ski og sykkel og Nordfjord Saga for historiske opplevingar og kultur.

Internasjonal heider

Visit Nordfjord leigde inn kommunikasjonsbyrået Creuna – som blei stifta av mellom andre Arne Hjeltnes - til å hjelpe seg.
Jobben som er gjort har allereie hausta internasjonal heider. Våren 2017 fekk Creuna og Visit Nordfjord sølv i prestisjetunge European Design Awards, som kvart år heidrar det beste innan europeisk design.
Visit Nordfjord og Lindvik er allereie i gang med å ta neste steg, å bygge kunnskap og kjennskap – synleggjere innhaldet i Nordfjord.
- Vi må gjere merkevara levande, og til noko alle er stolte over å vere ein del av. Vi skal synleggjere heile regionen og knytte dei ulike opplevingane saman. Det handlar om å utvikle «Nordfjord – alt i ein fjord» til ei sterk global merkevare, seier ho.
Parallelt med dette aukar Visit Nordfjord satsinga i dei digitale marknadskanalane. Det skal bli enklare å finne informasjon, reise rundt, kjøpe og dele opplevingane besøkande har i Nordfjord.
Tidlegare var reiselivssamarbeidet prega av å vere fragmentert. Det vi mangla var ein felles identitet, entusiasme og kultur <strong> </strong>

Publisert: 30.12.2017 15:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16