Opptur i Kina nedtur i Vietnam
SGNERER: I dag signerer fiskeriminister Harald Tom Nesvik lakseprotokollen med Kinas toll- og veterinærminister Ni Yuefeng.
Nytt

Opptur i Kina, nedtur i Vietnam

Lakseeksporten til Vietnam fall frå 1,8 milliardar til 0,5 milliardar kroner i fjor. Kina er grunnen.

20.05.2019
Vietnam har vore ein omveg for norsk laks inn i Kina etter striden om fredsprisutdelinga i 2010.
At den kinesiske demokrati- og menneskerettighetsforkjemperen Liu Xiaobo fekk fredsprisen fall kinesiske leiarar så tungt for brystet at det mellom anna blei mykje vansklegare å få eksportert laks til Kina. Det som såg ut til å vere ei lovande utvikling i ein gigantisk marknad stoppa opp.
På tampen av 2016 blei Noreg og Kina samde om å gjenopprette vanleg politiske kontakt, etter ein avtale som mellom anna fekk kritikk for å vere eit knefall for Kina , men og hausta ros for å vere eit bidrag til handelen mellom landa.

Opp i Kina

Frå 2017 til 2018 auka lakseeksporten til Kina frå 0,2 til 0,8 milliardar kroner, i følgje statistikken til Norges Sjømatråd.
Hittil i år veksten i lakseeksporten opp rundt 60 prosent samanlikna med same periode i 2018. Men halvparten av den veksten kjem av ein reduksjon av importen av norsk laks via Vietnam og andre land, seier sjømatanalytikar Finn Arne Egeness i Nordea.
Kina importerte norsk fisk for 3,7 milliardar kroner i fjor (av totalt 99 milliardar). Storparten går til kinesiske foredlingsbedrifter, som bearbeider frosen fisk før den blir sendt ut i verdsmarknaden. Denne delen av fiskeeksporten har heile tida gått uhindra av den politiske striden rundt fredsprisen, i følgje Egeness.

Stort potensiale

Kina er berre den 11. største eksportnasjonen for norsk fisk, men det er potensialet i marknaden som gjer at det er så stor interesse for Kina, i følgje Egeness.
I tillegg til å importer laks til eige konsum har også norsk makrell blitt eit produkt som kinesarane sjølve legg på tallerkenen.
I dag signerer norske og kinesiske styresmakter to avtaler som regulerer fiskeeksporten, fornying av ein toårig avtale om lakseeksport og ein avtale om eksport av norsk fiskemjøl og -olje.
Signeringa skjer i Nærings- og fiskeridepartementet.
- Kina er ein av våre største vekstmarknader. Desse avtalane er viktige for norske sjømatbedrifter. Auken i sjømatkonsumet i Kina er større enn heile den årlege produksjonen i Noreg. Det seier litt om kor viktig dette landet er,

Publisert: 20.05.2019 10:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35