Opptur for Hovdenakk
MEIR Å GJERE: Marknaden har snudd, det er blitt meir å gjere for Olav Harald Hovdenakk og hans to kollegaer i Hovdenakk Maskinering.
Nytt

Opptur for Hovdenakk

Olav Harald Hovdenakk var eit snev molefonken før hausten 2017. Det er han ikkje lenger.

19.03.2018
- Etter ferien har vi hatt rikeleg å gjere, seier Hovdenakk i Hovdenakk Maskinering i Åmdalen i Ørsta.
Maskineringsverkstaden har mellom andre Rolls-Royce Marine og Brunvoll på kundelista og fekk ein smell etter at oljeprisen stupte. Frå 2014 til 2015 fall driftsinntektene frå 3,7 til 2,9 millionar kroner.
Men selskapet har halde seg på pluss-sida heile vegen og fjoråret gav og eit løft i lønsemda (sjå tabell).

Betre marknad

For Hovdenakk Maskinering er det delar med 100-dels millimeters nøyaktigheit det er snakk om.
- Eg synest det er meir liv, seier Hovdenakk om aktiviteten og forespørslane i marknaden no.
I fjor haust var dei berre to i verkstaden, nyleg vart dei på ny tre.
Hovdenakk starta heime i reiskapshuset i 1997, samstundes som har dreiv gard og jobba i industrien. I 2002 avvikla han gardsdrifta og sa nokre år etter også opp hos Rolls-Royce, og satsa på heiltid.
I 2014 gjorde han selskapet om til aksjeselskap, og bygde ein moderne verkstad der medarbeidarane er sonen og svigersonen.

Satsa på fisk

Det er første og fremst etablerte kundar som kjem attende med nye oppdrag, om enn produkta no hamnar i nye fiskebåtar og i vedlikhaldsmarknaden - og ikkje i nye offshorefarty.
Då effekten av oljeprisfallet kom snudde Hovdenakk seg mot bedriftene som lagar utstyr til fiskeri- og fiskeindustri for å skaffe seg eit ekstra bein å stå på. Det slo ikkje til heilt slik han hadde håpa, men selskapet skal halde fram med å jobbe inn mot utstyrsleverandørane til fiskeri og fiskeindustri.

Publisert: 19.03.2018 12:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:19