Opptur for Honndalshytta
PLUSSÅR: Dagleg leiar og storaksjonær Halvard Bøe har mellom anna kjøpt hytter i eigen regi for å halde hytteprodusenten Honndalshytta gåande. I fjor fekk han og resten av aksjonærane omsider overskot i selskapet,
Nytt

Opptur for Honndalshytta

Etter åtte år i minus gjekk Honndaldshytta med overskot i fjor.

18.07.2017
Frå og med 2008 har det vore minusresultat kvart år for Honndalshytta as.
I fjor blei det omsider plussresultat og auke i driftsinntektene (sjå tabell) for hytteprodusenten på Grodås, etter nedgang kvart år sidan 2009. Selskapet ser no verknaden av langsiktige forbetringstiltak, skriv styret i årsmeldinga for 2016.

Kjøpte i eigen regi

I 2013 gjekk eigenkapitalen tapt. Men eigarane, med dagleg leiar Hallvard Bøe i spissen, ville ikkje kaste korta. Dei kjøpte mellom anna hytter for eiga rekning og held selskapet gåande.

I 2014 såg i alle fall drifta ut til å ende i pluss, men då året var omme vist det seg at det blei ei lite underskot også på drifta også det året.

Moten mot seg

Lafta hytter har vore Honndalshytta sin spesialitet, men då lafta-moten dabba av vart det tyngre å drive. I eit forsøk på å få fleire bein å stå på satsa selskapet på å bygge hytter med reisverk.
Det blei ingen suksess, og eigarane slo kontra, droppa satsinga på reisverkhytter og bestemte seg for å satse på maskinlaft, slik at selskapet mellom anna får utnytta fabrikklokalet. Maskinlaft betyr at Honndalshytta kjøper ferdig laminerte trestokkar og skjer til hakk i kvar stokk der hjørna på hytta skal vere. I motsetning til handlaft, der handverkarar må tilpasse kva einskild stokk alt etter forma på stokken, er maskinlaft-stokkane identiske slik at produksjonen er langt enklare.
I fjor sysselsette Honndalshytta 2,5 årsverk. På topp sysselsette verksemda seks personar.

Publisert: 18.07.2017 09:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:12