Opptur for Brimer
170 TILSETTE: Jogeir Romestrand (t.v.) og Håvard Haanes har samla tre selskap under Entec Group-paraplyen. I fjor hadde dei tre selskapet til saman 297 millionar kroner i driftsinntekter. 
Nytt

Opptur for Brimer

Veksten skaut fart i fjor.

08.08.2019
Etter inntektsfall og underskot i 2016 har pilene peika oppover for Brimer dei to siste åra.
Hovudproduktet til Brimer er store tankar til vassanlegg, men selskapet har dei siste åra også satsa på å utvikle tankar til bruk i landbasert oppdrett og til industri generelt og for fiskeindustrien spesielt. Produksjonen foregår på Kvamsøya i Sande kommune.
I 2017 var det vekst på alle felt, og den utviklinga held fram og forsterka seg i 2018,

Minus for Servitech

I fjor blei Brimer og Servitech i Ørskog slått saman til Entec Group.

Servitech driv med rørproduksjon og lagar utstyr for vatn- og avløpsrensing i oppdrettsnæring og kommunale anlegg. Selskapet gjekk frå åtte til 52 millionar kroner i driftsinntekter i løpet av fem år, men i fjor butta det i mot. Driftsinntektene fall 1,2 millionar kroner og selskapet fekk eit resultat før skatt på minus 1,1 millionar.
Grunnen til underskotet er først og fremst kostnadane med nokre fastprisprosjekt innan martitim rørinstallasjon. Jobbane kravde større arbeidsinnsats enn Servitech hadde rekna med.
Brimer hadde 49 tilsette i fjor, Servitec 46.

Fleire selskap

I år er også tidlegare Kongsberg Evotec, no Evotec, innlemma i Entec-konsernet.

For å få klarsignal for konkurransestyresmaktene til å overta marinedivisjonen til Rolls-Royce måtte Kongsberg Gruppen skilje lag med Kongsberg Evotec. Jogeir Romestrand kjøpte selskapet ved årskiftet og seinare i år blei det ein del av Entec Group.
Evotec hadde 154,8 millionar kroner i driftsinntekter i fjor. Til saman hadde dei tre Entec-selskapa 297 millionar i driftsinntekter i 2018 og rundt 170 tilsette.

Resultattabellen for Brimer, Servitech og Entec Group du kan lese ved sidan av artikkelen - eller nederst på nettsida om du les på mobil. Tala for Entec Group viser berre inntekter og resultat for deler av året, etter at Brimer og Servitech gjekk saman.

Publisert: 08.08.2019 09:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38