Medan store deler av maritim bransje slit med oljeprisfallet går det oppover for Nogva Motorfabrikk. Etterspørselen er så stor at selskapet treng større produksjonskapasitet.
Avgjerda om å bygge ein nye produksjonshall på 2500 kvadrameter ved hovudanlegget i Søvika i Haram blir tatt i løpet av våren seier dagleg leiar og medeigar Kjell Norvoll.
I dag har selskapet produksjon både både i Søvika og i eit anlegg på Grytestranda. No vurderer selskapet å samle alt på ein stad og samstundes auke kapasiteten. Då blir produksjonen samla i Søvika medan planen er å gjere anlegget på Grytestranda om til eit serviceanlegg.
Opphavleg var det meininga å bruke fabrikkbygget på Haramsøya til den produksjonen som no kan bli flytta inn i eit nybygg i Søvika. Eit ønskje om å samle all produksjon på ein stad og uvissa om når vegen som skal knytte mellom andre Haramsøya til fastlandet har fått Nogva Motorfabrikk-eigarane til å vurdere annleis.
Men målet er framleis å starte ny produksjon på Haramsøya, og Norvoll seier dei planane bedrifta har vil bety 25-30 nye arbeidsplassar der.
Nogvakonsernet passerte 200 millionar kroner i driftsinntekter i 2012, og har så langt greidd å vekse vidare trass at oljeprisfallet har utløyst ein generell nedtur i bransjen.
Konsernet hadde omlag 280 millionar kroner i driftsinntekter i fjor og Norvoll reknar med å passer 300 millionar kroner i år.
Det er leveransar til båtar som skal i arbeid for oppdrettsnæringa som har sikra veksten. Etterspørselen frå den delen av marknaden er større enn selskapet har greidd å ta unna, seier Nogva.
Avgjerda om å bygge ein nye produksjonshall på 2500 kvadrameter ved hovudanlegget i Søvika i Haram blir tatt i løpet av våren seier dagleg leiar og medeigar Kjell Norvoll.
I dag har selskapet produksjon både både i Søvika og i eit anlegg på Grytestranda. No vurderer selskapet å samle alt på ein stad og samstundes auke kapasiteten. Då blir produksjonen samla i Søvika medan planen er å gjere anlegget på Grytestranda om til eit serviceanlegg.
Nye arbeidsplassar
Litt lenger fram i tid skal det og avgjerast om selskapet skal starte ein ny produksjon i fabrikkbygget som tidlegare husa H-Produkter på Haramsøya. Nogva kjøpte fabrikkbygget i 2014.Opphavleg var det meininga å bruke fabrikkbygget på Haramsøya til den produksjonen som no kan bli flytta inn i eit nybygg i Søvika. Eit ønskje om å samle all produksjon på ein stad og uvissa om når vegen som skal knytte mellom andre Haramsøya til fastlandet har fått Nogva Motorfabrikk-eigarane til å vurdere annleis.
Men målet er framleis å starte ny produksjon på Haramsøya, og Norvoll seier dei planane bedrifta har vil bety 25-30 nye arbeidsplassar der.
Oppsving på oppdrett
Nogva Motorfabrikk lagar ikkje lenger motorar, men har spesialisert seg på gir og propellar,og kjøper inn motorane frå andre.Nogvakonsernet passerte 200 millionar kroner i driftsinntekter i 2012, og har så langt greidd å vekse vidare trass at oljeprisfallet har utløyst ein generell nedtur i bransjen.
Konsernet hadde omlag 280 millionar kroner i driftsinntekter i fjor og Norvoll reknar med å passer 300 millionar kroner i år.
Det er leveransar til båtar som skal i arbeid for oppdrettsnæringa som har sikra veksten. Etterspørselen frå den delen av marknaden er større enn selskapet har greidd å ta unna, seier Nogva.
Publisert: 15.02.2017 13:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:06