Oppsving etter papirkutt
MEIR PÅ NETT: Meir nettavis og færre papiravisdagar har slått positivt ut for lokalavisa Nordre. 
Nytt

Oppsving etter papirkutt

Avisa Nordre gjekk frå to til ein papiravisdag i veka, og auka inntektene.

11.07.2018
Inntektsauken har halde fram også i år, samstundes som kostnadane ligg vesentleg under nivået frå same periode i fjor, seier redaktør og dagleg leiar Robin Røkke.
Det betyr plussresultat for Nordre-utgivar Haramsnytt as så langt i år. 2017-resultatet enda så vidt i minus (sjå tabell), mellom anna på grunn av eingangskostandar knytt til omlegging frå to til ein papiravisdag veka.

Meir på nett

Halvering av papiravisfrekvensen vart kombinert med større publisering på nett. Abonnentane får tilgang til både nett- og papirutgåva og papiravisa kan og lesast som e-avis.
Røkke meiner utviklinga viser at Nordre greidde å få lesarane med seg på omlegginga, og har har til og med utvida redaksjonen fra to til tre.
- Dei dystre spådommane for mediebransjen og lokalavisene som mange framfører - eg kjenner meg ikkje igjen der. Det er mange moglegheiter, seier Røkke.

Tøff annonsemarknad

På topp utgjorde annonseinntektene omlag halvparten av inntektene til Haramsnytt. I dag utgjer annonseinntektene godt under 50 prosent, og den relative betydninga av annonseinntektene vil halde fram med å falle, trur Røkke.
Annonsørane er blitt mindre lojale, annonseringsbeslutnigar blir tatt lengre unna og det er konkurransen frå andre kanalar.
Konsekvensen er alt inntektene frå lesarane betry meir, noko som Røkke meiner vil bidra betre kvalitet på journalistikken. Skal lesarane betale er det seriøs og uavhengig journalistikk dei vil betale for, meiner Røkke.

Fleire aviser

Røkke er ein av fire eigarar av Haramsnytt as.
Haramsnytt er største aksjonær i Sulaposten og står bak lokalavisa Midsundingen, som blei etablert i fjor. Den kjem ein gong i månaden på papir i tillegg til nettavisa. Røkke er redaktør og avisa har ein journalist.

Publisert: 11.07.2018 15:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:24