Opplever vekst men vil gjerne ha glastak i sentrum
ØNSKJER GLASTAK: Leiar Maria Sporstøl Leine (innfelt) i Fosnavåg handelsforening fortel at det er tankar om å bygge ein form for glastak ved Holmsild- og Fosnavåg brygge som kan vere gågate og myldeområde for marknad og torgsal. 
Nytt

Opplever vekst - men vil gjerne ha glastak i sentrum

Maria Sporstøl Leine har hatt butikk i Fosnavåg i 25 år og opplever at bevisst satsing dei seinare åra har gitt vekst i sentrum.

Marius Rosbach
09.12.2019
Allereie som 20-åringa starta Maria Sporstøl Leine opp klesbutikken Marias Mote i sentrum av Fosnavåg. Ho har sett nokre butikkar kome og gå i desse åra, men leiaren av Fosnavåg handelsforening er optimist for framtida.
– Dei siste ti åra har det vore investert fleire hundre millionar i nye tilbod som hotell, konserthus, simulatorsenter og badeland, påpeiker ho til NETT NO.

Herøy er vekstvinnar

I samband med konkursen i Style by Helen-butikken har drivaren mellom anna peika på i Fosnavåg som årsaker.
Men tal frå Statistisk sentralbyrå viser at Herøy plasserer seg heilt i toppen mellom 28 kommunar på Nordvestlandet, når det gjeld vekst i detaljhandel dei siste ti åra (sjå fakta).
Leine meiner difor det ikkje er grunn til uro og har tru på framtida som handelsdrivande i sentrum.
– Herøy er handelsvinnar etter ei bevisst satsing på nye tilbod. Berre hotell og badeland dreg over 60.000 nye kundar til Herøy kvart år. Dette er ny kjøpekraft som kjem frå andre stader, legg ho til.

Forslag om glastak

Leine helsar likevel velkomen fleire tiltak, og trur glastak over delar av sentrum kan vere med å løfte sentrum meir. Mellom anna Herøy Høgre, har teke til orde for å lage glastak inspirert av utviklinga i Knarvik i Hordaland.
Ho viser til ny bubilparkering med sanitæranlegg i sentrum, fleire nye bustadprosjekt – til dømes på Vågsholmen – og nye planar for utvikling på Mjølstadneset, som tiltak som vil verke positivt inn.
– Herøy er handelsvinnar etter ei bevisst satsing på nye tilbod, seier ho.

Få konkursar – nysatsing med Havlandet

Sjølv om veksten som kjem fram i SSB-tala gjeld heile kommunen, fortel Leine at også sentrumsbutikkar opplever vekst. Hennar eiga omsetning gjekk likevel ned i åra etter at oljeprisfallet slo inn, men i 2018 peika pilane igjen opp for inntektene ved klesbutikken.
– Vi ser lyst på framtida, og tala viser at satsinga som har vore gjort – og er planlagt – berer frukter. Herøy satsar også svært offensivt framover med . Det vil verkeleg sette fart framover, trur ho.
Om ein ser på talet på konkursar i varehandel i Herøy sidan starten av 2018, er det ikkje mykje som tyder på at det er stor fare for butikkdød. I perioden er det berre registrert ein sentrumskonkurs i tillegg til Style-butikken – o. Skobutikken som var i drift i fleire generasjonar, stengte dørene i februar 2018.
Andre registrerte varehandel-konkursar er Asia Matbutikk og GV Bensin som begge heldt til på Eggesbønes, og i Myrvåg.

Les også:





Publisert: 09.12.2019 13:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:47