Nett.no Logo
Mega menyMega meny

NETT.NO Abonnement

Registrér ein konto på vår næringsportal for 129,- pr mnd, og få tilgang på:

  • Unike artiklar om økonomi og næringsliv på Sunnmøre og i Nordfjord, som du ikkje finn i andre publikasjonar!
     
  • Tilgang på tenester som Nytt om Namn, Synspunkt og stilling ledig.
     

Med abonnement har du tilgang til NETT NO på alle digitale plattformer - du kan lese når du vil, kvar du vil og i det formatet som passar deg.

129,- pr. mnd.
Oppgang fyller ordrebøkene hos lokale leverandører

MANN-OG-KONE-BEDRIFT: Bjørnar og Lalita Kern driv Kern Profilering i Saunesmarka i Ulsteinvik. Størsteparten av inntektene kjem frå den maritime industrien, men dei leverar også mykje trykk til idrettslag.

Oppgang fyller ordrebøkene hos lokale leverandører

At den maritime industrien har meir å gjere merkast godt hos lokale leverandørar. No trengst skilt, skipslogoar, redningsbåtar og bysser. Og så dryp det litt på idrettslaga. 

Etter at ein har vore gjennom nokre tøffe år i skipsindustrien har oppdragsmengda teke seg opp att. Det gir ringverknadar for fleire lokale leverandørar til den maritime industrien.

I Saunesmarka i Ulsteinvik ligg Kern Profilering som gir arbeid til Bjørnar Kern og kona Lalita Kern. Saman driv dei bedrifta som mellom anna lagar skilt og trykk på tekstilar.

– No er det eit hopp i aktiviteten og vi har veldig mykje å gjere framover. Det er gledeleg, seier Bjørnar Kern til NETT NO.

43 meter lang skipslogo
Kern Profilering leverar til alle skipa som vert bygd ved Ulstein verft, mellom anna skilt og klistremerke - og ikkje minst sjablongar til skrift på skutesidene.

I desse dagar førebur dei sjablongane som skal sørgje for at Color Line-logoen kjem på skroget av den nye hybridferja som vert bygd ved Ulstein.

Også Hybrid-namnet skal på plass og det er store dimensjonar.

– Til saman vert logoane 43 meter lange og meir enn seks meter høge, fortel Bjørnar Kern.

43-METER LANGE: Logoane på sida av nye Color Hybrid som vert bygd ved Ulstein, er 43 meter lange. Bjørnar Kern har også laga logoane og profilering om bord på hurtigruteskipa ved Kleven.

Vindmølleskipet Ulstein skal bygge til Acta Marine, har også gitt jobb til familiebedrifta. Det same har hurtigruteskipa som Kleven bygger.

Fleire saker: 

Color Hybrid - eit prosjekt med enorme ringverknader

Hurtigruten på første prøvetur

Her har Kern både laga sjablongar til logoane på skroget og anna profilering om bord. 71-åringen som ikkje har pensjonsplanar med det første, er framleis med ut på monteringsjobben for å sørge for at det vert rett på alle vis.

– Det krev at ein er veldig nøyaktig, forklarar han.

Andre store kundar i den maritime klynga, er Rolls-Royce Marine og Island Offshore.

Måtte droppe lønn
Det har vore ein tøff periode for bedrifta som har omsett for eit par millionar årleg. Men dei har likevel unngått store underskott. Kern fortel at ein viktig årsak til det, er at dei eig alle maskinane og at dei ikkje har gjeld.

– Det har vore vanskelege år og eg har mellom anna valt å redusere lønna betrakteleg. Nokre månader har eg heller ikkje teke ut lønn for å sikre eit rekneskap som er i balanse, seier Kern.

Dobbel effekt av opp- og nedturar
Ved sidan av den maritime industrien har Ulsteinvik-firmaet lokale idrettslag som sine viktigaste kundar – ikkje minst IL Hødd. Slik fekk dei merke dei negative ringverknadene dobbelt opp då oljeprisfallet kom.

– Når det går dårleg i industrien får Hødd nedgang i sponsorar, og slik spreier det seg vidare til oss. Når det går betre i den maritime næringa veks også sponsorbudsjetta i klubbane, seier han.

Men Kern har vore med på fleire opp- og nedturar sidan han kom til Ulsteinvik på midten av 1980-talet. Han veit godt korleis økonomien svingar.

– Den gong eg kom hit låg mykje av bedriftene med brekt rygg. Eg hugsar den gong dei sløkte lysa på Kleven. Det var trist, fortel han.

Rekordtjukk ordrebok hos båtprodusent
Nokre hundre meter unna, i vasskanten ved Stålhaugen held Mare Safety til. Dei nær 20 tilsette som lagar mindre redningsbåtar og bysser, har no godt med arbeid og rekordtjukk ordrebok.

REINDYRKA FOR VINDMØLLESKIP: Are Garshol tok over leiinga av Mare Safety i fjor etter Reidar Vågeskar - som fortsatt er største aksjonær. Her er Garshol om bord i ein ny båttype spesiallaga for å frakte personell til og frå vindmølleskip. 

– Også fjoråret vart tøft for oss og vi enda med eit resultat som gjekk om lag i null. Men oppdragsmengda for 2019 ser bra ut og det er mange år sidan vi hadde ein slik storleik på ordreboka, fortel administrerande direktør Are Garshol til NETT NO.

Ei rammeavtale med Equinor har gitt oppdrag på meir enn 20 båtar til bruk på riggar dei siste åra, og snart skal ein ny båt leverast til oljegiganten.

– Det har vore ein viktig avtale for oss desse tøffe åra, seier han.

Vert utfordra til nye løysingar
Inntektene for Mare Safety har svinga dei siste åra, i takt med konjunkturane elles. I 2014 hadde dei ein omsetnad på 114 millionar, før det gjekk bratt nedover og enda på om lag det halve i  2017.

– Mange av bedriftene her lokalt opplever både nedturen og oppturen saman. Samstundes ser vi stor verdi i at verft og reiarlag kjem inn i nye marknader som utfordrar oss til å lage nye løysingar. Her dreg vi god nytte av å ha tett kontakt med operatørar og sluttbrukarar over heile verda, seier Garshol.

Førebels har dei ikkje sikra seg konkrete oppdrag på cruise, men jobbar mot marknaden.  

Fleire saker: 

Nytt skip til kai og rekordmange innfor portane

Desse grafane viser optimismen på Vestlandet

Stor interesse for ny båttype

Fleire av jobbane har vore oppdrag frå lokale verft eller reiarlag. Mellom anna har dei levert redningsbåtar til Fjord1-ferjene som går på Hareid-Sulesund-sambandet og hurtiggåande redningsbåtar til vindmølleskip frå Ulstein verft.

Mot slutten av fjoråret fekk Mare Safety kontrakt på ein ny type spesialtilpassa båt til vindmølleskipet som Bernhard Schulte skal få levert frå Ulstein til neste år.

Ein tilsvarande båt vart i førre veke levert til nederlandske Damen og bedrifta merkar stor interesse for den nye typen kalla Mare DC12 Windmill.

– Dette er den første reindyrka vindmøllebåten frå vår side og vi har hatt mellom 40 og 50 personar frå potensielle og eksisterande kundar på besøk for å teste den, seier Garshol.

BYSSER OG STORKJØKKEN: Mare Safety har fått auka oppdrag med bysser og storkjøkken og samarbeider mellom anna med Metos og Miele. 

Størst vekst på båtbysser
Likevel er det innan marknaden for bysser og storkjøkken verksemda har hatt størst vekst hittil i år

– Vi har merka oppgangen best på produksjon av bysser. Så langt i år har vi levert til like mange prosjekt, som vi hadde gjort etter åtte månader i fjor, fortel Garshol.

Dei har sikra seg fleire større kontraktar, mellom anna til ein store autolinebåt under bygging i Tyrkia, og to pelagiske trålarar – ein av dei på Larsnes Mek Verksted.

Fleire saker:

NHO-økonom Dørum er optimist

Kontraktsrush for Mare Safety

Siste artikler

Skal møte Insula-leiinga på Gardermoen

Sande-ordførar Dag Vaagen trur at det framleis er håp for Maritim Food i Gjerdsvika. No skal kommunen møte Insula-leiinga.

Fullt køyr ved Ulstein verft

Color Line-ferja er ute av dokkhallen og eit nytt cruiseskrog er komen til verftet. 

Vil bruke 3,1 milliardar på havbotns-oppdrett

Det største oppdrettsanlegget i verda vil bruke norsk teknologi for å stoppe lakselus.

Allianse kan gi rundt 100 millioner i året

Nye Ålesund og fire andre byområder går sammen for å få mer statsstøtte til kollektivtrafikk-satsing.

Skuffa over Posten

Sykkylvsbladet gjekk på ein liten smell i fjor, men redaktør Frank Kjøde er mest uroleg for postomberinga.

Startar nedbemanninga ved Maritim Food

Selskapet som kapra eit større oppdrag frå Gjerdsvika-bedrifta, overtek om kort tid dei første delane av leveransen.

NETT NO
Ansvarleg redaktør: Ogne Øyehaug
Ansvarleg redaktør: Kjetil Haanes
Dagleg leiar: Eirik Staurset

Utgivar:
Bakkar og Berg Media AS
Pb. 142
6099 Fosnavåg

Kontakt:
Redaksjon: redaksjon@nett.no / Tlf: 95 77 97 27
Annonse: annonse@nett.no / Tlf: 95 24 72 09
Abonnement: abonnement@nett.no / Tlf: 95 24 72 09
Tips: tips@nett.no

NETT NO arbeider etter Ver Varsam-plakaten sine normer for god presseskikk og Tekstreklameplakaten sine normer for skilje mellom redaksjonelt stoff og reklame/sponsing. Alt innhald på NETT NO er opphavsrettsleg verna. NETT NO har ikkje ansvar for innhaldet på eksterne nettsider som det blir lenka til.