Oppdrag til Island Drilling
I ARBEID: Riggen Island Innovator
Nytt

Oppdrag til Island Drilling

Island Drilling skal bore vest for Shetland.

02.05.2019
Kontrakten med CNOOC Petroleum Europe Limited gjer at Island Island Drilling tek riggen Island Innovator ut av opplag.
Riggen skal starte operasjonen i andre kvartal i år. Den skal bore ein brønn vest for Shetland.

60 dagar

Oppdraget er på 60 dagar, og gir overskot for selskapet, også etter finanskostnadar, i følgje kvalitetssjef Geir Dombestein i selskapet.
Riggen har ligge i opplag sidan førre oppdrag, frå februar til oktober i 2018.
Jobben riggen skal ut i no er den første etter at selskapet sjølv tok over drifta av riggen. Tidlegare var det Odfjell Drilling som sto for drifta.

Treng fleire folk

Nett no er Island Drilling i gang med å tilsette folk. Rundt 100 personar skal i arbeid, og selskapet er kome omlag halvvegs i rekrutteringa i følgje Dombestein.
Riggselskapet har tre hovudeigarar, Trond Mohn i Bergen, Chouestfamilien i USA og ei grein av Ulsteinfamilein i Ulsteinvik. Dei er også partnarar i offshorereiarlaget Island Offshore.
I samband med refinansieringa i 2017 skreiv Island Drilling ned verdien av aksjane i selskapet til null og gjer om gjeld til aksjar. Storaksjonærane Ulstein, Chouest og Trond Mohn gjekk inn med kvart milliard kroner.

Trur på oppgang

Riggen Island Innovator gjekk rett inn i ein langvarig kontrakt med oljeselskapet Lundin då den var ferdig i 2013. Medan det oppdraget pågjekk slo oljeprisfallet inn for fullt, og etter at kontrakten var omme har riggen veksla mellom å ligge i oppdrag og vore ute på mindre oppdrag.
No er marknaden imidlertid rask betring, og Dombestein seier selskapet både håpar på fleire oppdrag i år og trur på en vesentleg betre marknad neste år.

Publisert: 02.05.2019 09:39

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32