Opp paa abonnement stillstand paa annonser
MINDRE PAPIR: Inntektene frå papirutgåvene til Polaris Media krympar, medan digitale inntekter aukar. Konsernet eig mellom anna Sunnmørsposten og ei rekkje andre lokalaviser på Nordvestlandet.
Nytt

Opp på abonnement, stillstand på annonser

Digitale abonnentar sikra vekst i abonnementsinntektene, medan annonseinntektene står stille.

15.02.2019
Polaris Media auka abonnenmentsinntektene med tre prosent i fjerde kvartal i fjor samanlikna med 4. kvartal 2017.
Det er kundar som kjøper digitale abonnement som står for veksten, medan færre abonnerer på papirutgåvene til Polaris Media.
Konsernet sine aviser hadde til saman 201.632 abonnentar ved utgangen av 2018 mot 195.410 ved utgangen av 2017. Av dette er 64.405 digitale abonnement, opp frå 44.685 ved utgangen av 2017.

Styret i selskapet foreslår eit utbytte på 85,6 millionar kroner etter 2018.

Taper terreng på papir

Annonseinntektene gjekk ned ein prosent frå 2018 til 2017. I fjerde kvartal var det stillstand samanlikna med fjerde kvartal i 2017. Inntektene frå papirannonser fall seks prosent i året, medan inntektene frå digitale annonser hadde ein auke på sju prosent. Trass veksten i digitale annonseinntekter står papirannonsene framleis for rundt dobbelt så store inntekter som digitale annonser.
Polaris Media spår at utviklinga frå 2017 til 2018 vil halde fram: "De neste tolv månedene forventes fortsatt vekst innen abonnementsinntekter og digitale annonseinntekter, mens papirbaserte annonseinntekter forventes fortsatt å falle.", skriv selskapet i kvartalsrapporten som blei offentleggjort i dag.

53 prosent opp

Kvartalsrapporten er sparsom med informasjon om selskapa under datterselskapet Polaris Media Nordvestlandet, blant dei Sunnmørsposten og Romsdal Budstikke. Samla sett var det små endringar frå 2017 til 2018 (sjå tabell), men på abonnementsida er det store omveltningar også blant avisene på Nordvestlandet.
Den totale abonnementsmassen auka med tre prosent, men talet på digitale abonnentar auka 53 prosent og utgjer 25 prosent av abonnentane. I 2017 utgjorde dei digitale abonnentane 17 prosent.


Publisert: 15.02.2019 08:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31