Opne lasteromsluker aarsak til havari
FORLIS: Her er Havstein flytande igjen etter at havaristen vart berga av Sandsøy Servicebåt.
Nytt

Opne lasteromsluker årsak til havari

No vil Sjøfartsdirektoratet ha tette skott for mindre kystfiskefartøy under lasting.

Marius Rosbach
20.09.2020
14. august kantra Herøy-båten Havstein under lasting av eit notkast av makrell i Syltefjorden i Vanylven.
Mannskapet på fire kom seg over i ein mindre båt og vart berga.
Kantringa skjedde trass i at vêret var fint, og sjøen var smul.

70-80 prosent last

I ein fersk rapport slår Sjøfartsdirektoratet fast at årsaka til havariet skuldast at luker i dei tre lastetankane stod opne under lasting av makrellfangsten.
Då den 12 meter lange båten krenga til styrbord og deretter kantra, var nivået i lastetankane på 70-80 prosent.

Må fjerne lukene

Sjøfartsdirektoratet slår fast at fartøyet ikkje var stabilt under lasting ettersom luker i langskipsskotta stod opne og makrellen dermed fritt kunne strøyme gjennom lukene.
Direktoratet krev no at andre fartøy med tilsvarande luker i langskipsskott må fjerne lukene og tette skotta permanent.

Publisert: 20.09.2020 16:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:02