Opnar lommeboka for marine og maritim bransje
Nytt

Opnar lommeboka for marine og maritim bransje

Marine- og maritime bedrifter skal få tilgang same gunstige forsking og utviklingsordning som oljebransjen

18.02.2019
- Vi siktar oss inn på noko så ambisøst som å vere verdas fremste havnasjon, sa Erna Solberg i presentasjonen av regjeringa sin nye havstrategi.
Målet er å auke verdien vi kan ta ut av havet, og øverst på lista frå regjeringa står og i marine og maritime bedrifter tilgang til same type finansieringsordning som Demo 2000, som hittil har vore reservert for oljebransjen.

Avgjerande program

Ordninga gir bedriftene støtte til bygging av fullskala pilotanlegg for å teste ut teknologiske nyvinningar. Demo 2000 har vore avgjerande for utviklinga av fleire nøkkelteknologiar i oljeutvinninga på norsk sokkel, skriv regeringa i strategidokumentet.
DEMO 2000 har tildelt rundt 250 forskjellige prosjekter midlar for nærare til saman 750 millionar kroner etter at programmet blei lansert i 1998 . Til saman har det utløyst prosjekt for meir enn tre milliardar kroner.
At det skal satsast meir på dette feltet også for marine og maritime bedrifter står i strategidokumentet, men kor mykje i kroner og øre er ikkje opplyst.

Meir samarbeid

Solberg presentert strategien saman med næringsminister Monica Mæland, samstundes som det også blei arrangerte presentasjonar i fleire andre byar, mellom anna Ålesund.
Forsking på tvers av bransjar og fag, meir forsking og kartlegging av nye ressurar og sterkare innsats for å profilere norske havnæringar, frå fiske, vindkraft og skipsfart til oljeutvinning og gruvedrift på havbotnen er sentrale stikkord i satsinga.
I strategidokumentet listar regjeringa opp neste 40 punkt den vil prioritere berre innan forvalting og rammevilkår. En del er tiltak som alt er gjort eller vedtatt, men nok er nytt:
Det kjem ei treårig tilskotsording for å stimulere til å flytte godstransport frå veg til sjø.
Serviceskip for offshore vindanlegg blir omfatta av rederiskatteordinga, som gir reiarane lav skatt.
Ressursane av raudåte (ein liten, men talrik krepseart) og mesopelagisk fisk (små fisk som vandrar opp og ned frå store djup) skal kartleggast for å opne for eit kommersielt fiske.
Forvaltning av fiskebestandar skal sjåast i samanheng med kvarandre, og ikkje vurderast art for art.
Samordne regelverket for alle havnæringar og gjennomgå regelverket for å fjerne hinder for utnytting av nye ressursar og ny teknologi.

Publisert: 18.02.2019 16:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:06