Nett.no Logo
Mega menyMega meny

BLI ABONNENT PÅ NETT NO

Hold deg oppdatert på alt som rører seg i næringslivet på Nordvestlandet!

Med abonnement hos oss får du tilgong til NETT NO på alle digitale plattformer. 

Eit månadsabonnement mot betalingskort kostar kr. 129,- 
Eit årsabonnement mot faktura kostar kr. 1.399,- 

For bestilling av årsabonnement - Kontakt Magnus på magnus@nett.no

Teikn ditt månadsabonnement i skjemaet under.

129,- pr. mnd.
Opnar for reise til og frå «grøne» land

Opnar for reise til og frå «grøne» land

Regjeringa opnar for reiser til og frå store delar av Europa frå neste veke.

Sjå pressekonferansen direkte fredag klokka 12 (ekstern lenke)

Justisminister Monica Mæland og næringsminister Iselin Nybø la fredag fram nye reiseråd som opnar for reiser til og frå store delar av Europa. Blant landa er Hellas, Italia, Frankrike og Spania. 

OVERSIKT: Raude og grøne land viser korleis helsestyresmaktene vurderer situasjonen per i dag (trykk for større versjon).

Personar som er busett i EØS og Schengen-området, der det er ein tilfredsstillande smittesituasjon, får frå 15. juli reise til og frå Norge, fortalde Mæland. 

Krava til karantene for personar frå desse landa blir samtidig letta på.

Ei slik opning er gode nyheiter for store delar av reiselivsbransjen påpeika næringsminister Nybø, og viste til at mange bedrifter vil få auka inntektene sine og få fleire tilsette tilbake i arbeid.

Les også: Trur utlendingane kjem så fort dei kan

Blir meir sårbare for smitte
Justisminister Mæland påpeika at ei slik opning også gjer landet meir sårbart for smitte, og at alle bør tenke seg godt om før dei reiser.

Ho sa at ei slik opning, ikkje var ei tilråding om å reise - og at pandemien framleis var ei global utfordring. 

Folkehelseinstituttet skal oppdatere ei oversikt med kart på sine heimesider, over kva land som er «raude» og «grøne» soner. Cirka kvar 14. dag vil instituttet på ny vurdere kva land som oppfyller dei nye kriteria. 

Delvis raudt i Sverige - og seks andre land
I Sverige kan nordmenn frå 15. juli reise karantenefritt til regionane Skåne, Blekinge og Kronoberg. Reiser til resten av landet vil framleis medføre karantenekrav ved retur til Noreg.

Det er berre seks andre land i EU/EØS/Schengen-området der reiser framleis vil medføre innreisekarantene når ein kjem tilbake til Noreg. Det gjeld Bulgaria, Kroatia, Luxembourg, Portugal, Romania og Ungarn.

Les pressemelding med oversikt over dei nye reiseråda (ekstern lenke)

 

Siste artikler

Nytt jubelår før koronastoppen

– Ein må tore å satse i nedgangstider, seier Bjørn-Marius Øyehaug i Rotlaus. No skal dei bygge nytt lokale og har starta dotterselskap.

Helsa med flagg - og ros frå første passasjeren

Stort oppmøte på kaia i Fosnavåg på jomfruturen til 'Gabriele', men ingen gjekk om bord. Han som gjekk på land var strålande fornøgd.

Ny kraftig vekst for Sjømatkompaniet

– Føler vi har funnet vår nisje, sier sjømatgründer fra Ålesund. Nå har de ekspandert til Oslo. 

Sel færre nye bustader i Møre og Romsdal

Salet går tregare enn i fjor, men det blei sett i gong bygging av langt fleire nye bustader, enn elles i landet.

Merker koronabrems i næringslivet

Sparebanken Møre kutter lederbonus og planlegger gradvis nedbemanning.

Bedrifter får permittere tilsette i eitt år

Regjeringa varslar endringar etter breitt krav.

NETT NO
Ansvarleg redaktør: Ogne Øyehaug
Ansvarleg redaktør: Kjetil Haanes
Dagleg leiar: Eirik Staurset

Utgivar:
Bakkar og Berg Media AS
Pb. 142
6099 Fosnavåg

Kontakt:
Redaksjon: redaksjon@nett.no / Tlf: 95 77 97 27
Annonse: annonse@nett.no / Tlf: 95 24 72 09
Abonnement: abonnement@nett.no / Tlf: 95 24 72 09
Tips: tips@nett.no

NETT NO arbeider etter Ver Varsam-plakaten sine normer for god presseskikk og Tekstreklameplakaten sine normer for skilje mellom redaksjonelt stoff og reklame/sponsing. Alt innhald på NETT NO er opphavsrettsleg verna. NETT NO har ikkje ansvar for innhaldet på eksterne nettsider som det blir lenka til.