Opnar for kvotebytte ogsaa i 2018
FISKE: Kvotebytte-ordninga legg til rette for meir effektiv drift, den gir lågare kostnadar og fører til at båtane bruker mindre drivstoff. Gjenopninga av loddefisket i Barentshavet legg til rette for at fleire kan bruke ordninga i 2018 enn i 2017. 
Nytt

Opnar for kvotebytte også i 2018

Ordninga der fiskebåtar kan bytte kvotar seg imellom blir vidareført i 2018.

Kristin Vidhammer
12.01.2018
- Vi har mange gode erfaringar med kvotebytte. Ordninga legg til rette for meir effektiv drift, gir lågare kostnadar og fører til at båtane bruker mindre drivstoff. Gjenopninga av loddefisket i Barentshavet legg til rette for at fleire kan bruke ordninga i 2018 enn i 2017, seier statssekretær Veronica Pedersen Åsheim i ei pressemelding.
Nærings- og fiskeridepartementet har bestemt at det skal vere høve til kvotebytte i 2018. Departementet opnar for at fartøy i ringnotflåten kan bytte loddekvote i Barentshavet mot loddekvote ved Island, Grønland og Jan Mayen. Pelagiske trålarar kan bytte loddekvote i Barentshavet mot kolmulekvote, eventuelt mot ein del av ein kolmulekvote.
Kvotebytte går kort forklart ut på å gi fiskebåteigarar fleksibilitet slik at dei kan bytte bestemte kvotar mellom fartøy. Dermed kan det eine fartøyet konsentrere seg om å fiske i eitt område eller på ein bestand, mens det andre kan konsentrere seg om å fiske i eitt anna område eller på ein annan bestand.
Reiarlag som ønsker å delta i ein av kvotebytteordningane må sende melding til Fiskeridirektoratet innan 22. januar 2018.

Publisert: 12.01.2018 15:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17