Ope skip for nye Ramoen
OPE SKIP PÅ SØNDAG: Den tidlegare fabrikktrålaren "Ramoen"  (biletet) er seld og omdøypt, og fiskar no i Afrika. Søndag ligg nye Ramoen til kai på Mjølstadneset i Herøy og held ope skip frå 12 til 15 søndag 23. oktober.
Nytt

Ope skip for nye Ramoen

I morgon inviterer den nye fabrikktrålaren Ramoen til ope skip. 

22.10.2016
Planen var opphavleg at fabrikktrålaren skulle vere klar i sommar frå verftet i Spania, men no er den her og i midten av november vonar eigarane at fabrikktrålaren er i full drift på fiskefeltet.

I morgon inviterer reiarane til ope skip, når nye Ramoen ligg ved kai på Mjølstadneset i Herøy. 29. oktober er det dåp og i midten av november er målet å vere i fiske.

Sjeldan rase

Fabrikktrålarar er blitt ein sjeldan rase i norsk fiskeri. Det er berre tre att. Storparten av fabrikktrål-reiarlaga har satsa på frysetrålarar når dei har bygd nytt, mellom dei Havfisk. Mindre behov for mannskap, og dermed lågare driftskostnadar var grunngjevinga for å nøye seg med å sløye og hovudkappe fisken før den blir lagt i fryseromet.
Men då Per Magne Eggesbø og Knut og Atle Vartdal bestemte seg for å bygge nytt satsa dei på fabrikktrål.

Ny interesse

Ny teknologi, der maskiner kan gjere meir av arbeidet, har fått interessa for ombordproduksjon til å stige igjen. Også betre betaling for ombordprodusert filet og større etterspørsel etter biprodukt frå fiskeavskjær har bidratt til interessa.
Ein konferanse om ombordproduksjon samla nesten 300 deltakarar i Ålesund i januar i år.

Satsar meir heime

Nye Ramoen betyr også auka satsing på heimemarknaden. Forventningane er at det er meir å tene på den norske marknaden, og no er målet å nå heile landet.
- Vi veit at forbrukarane ønskjer våre varer, sa salsjef Katrine Florvaag i Ramoen til NETT NO i januar i år.

Tidlegare gjekk berre eit par prosent av fangsten frå Ramoen til innanlandsmarknaden. No ligg andelen på mellom 10 og 20 prosent, og selskapet håpar det er råd å nå 50 prosent.

Publisert: 22.10.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:02