Omsider plussresultat igjen
EID: Norgesvinduet Bjørlo har hatt totalt 40 millionar i kostnader over fleire år i samband med at folie på karmar byrjar å sprekke opp. I fjor enda resultatet i eit lite plussresultat, for første gong sidan 2012.  
Nytt

Omsider plussresultat igjen

Folie som flassar har no kosta Norgesvinduet Bjørlo 37 millionar kroner siden 2012. Fekk plussresultat i fjor for første gong på fem år.   

Kristin Vidhammer
05.03.2018
Norgesvinduet Bjørlo på Eid produserer og sel dører og vindu. I fjor fekk dei ei omsetning på 210 millionar kroner, som er ny rekord - iallefall dersom ein ser på dei siste ti åra.
Resultatet før skatt vart 2 millionar kroner (sjå tabell).
- Det relativt svake resultatet skuldast fortsatt sterkt prispress i marknaden, samt fortsatt store kostnader med utskifting av folierte foringar som krakelerar i folien, skriv styret i årsmeldinga.

Fortvilande folieproblem som har kosta dyrt

Norgesvinduet Bjørlo har no brukt 40 millionar kroner på å reparere vinduskarmar som flassar.
I staden for maling har Norgesvinduet Bjørlo på Nordfjordeid brukt folie på innvendige vinduskarmar. Feil frå leverandøren gjorde at folien byrja å sprekke opp etter eit par år. Problemet dukka opp i 2012, og har sidan vore ei plage for bedrifta.
- Både 2016 og 2015 hadde enda i pluss hadde det ikkje vore for folieproblemet. Det er surt, det må eg innrømme, sa dagleg leiar og hovudaksjonær Roald Starheim til NETT NO i fjor.
Les også:

Lite erstatning

Ei erstatningssak mot den tyske folieleverandøren enda med tre millionar kroner i erstatning. Utfallet blei at Norgesvinduet Bjørlo fekk erstatta materialkostnadane, men måtte ta konstnadane med utbetring sjølv, slik at nettokostnadane på folieutebetringa blei redusert frå 40 til 37 millionar kroner.
Selskapet har brukt både eigne og innleigde folk for å få vinduskarmane i stand. Berre i løpet av fjoråret har dette arbeidet belasta selskapet med 13 millionar kroner i form av eige og innleigd personell.
Starheim håpar arbeidet med utbetringane i alle fall skal sikre selskapet et positivt omdømme.
- Vi syns kundane skal sjå at vi prøver å ta ansvar, sa Starheim i fjor.

Stor arbeidsgjevar, men tøff konkurranse

Norgesvinduet Bjørlo hadde i fjor 100 årsverk. Dei ventar ein sterk konkurranse også framover, ikkje minst på grunn av utanlandske aktørar, ifølgje årsmeldinga.
Norgesvinduet Bjørlo og søsterselskapet Bjørlo Haugen i Eid kommune er begge eigd av holdingselskapet Beverlo, der Starheim er største aksjonær. Trude Bjørlo er nest største aksjonær.
Norgesvinduet Bjørlo lagar vindu på Spilka-beslag (som opphavleg ble kalla husmorvinduet), medan Bjørlo Haugen lagar andre vindustypar.
Det relativt svake resultatet skuldast fortsatt sterkt prispress i marknaden, samt fortsatt store kostnader med utskifting av folierte foringar som krakelerar

Publisert: 05.03.2018 16:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:19