Ombygging i Sverige Tyskland eller Norge
KLEVEN: Maritim direktør Tor Geir Engebretsen i Hurtigruten etter sjøsettinga av MS Roald Amundsen ved Kleven Verft.
Nytt

Ombygging i Sverige, Tyskland eller Norge

To hurtigruter skal byggjast om. Norske, tyske og svenske verft konkurrerer om oppdraget.

21.02.2018
- Vi er i ein anbudsprosess, og kjem snart til å ta valet.
Det seier maritim direktør Tor Geir Engebretsen i Hurtigruten.
Det første hurtigruteskipet som skal ombyggast er MS Richard With.

Betre lugarar og fleire suiter

I november i fjor kjøpte Hurtigruten tilbake skipet frå eit komandittselskap gjennom sitt heileigde selskap Coastal 1.
Det 121,8 meter lange skipet skal no i dokk, og skal gå gjennom ei total ombygging og oppgradering. Mellom anna skal alle lugarane og fellesområda oppgraderast, og skipet vil få langt fleire suiter enn i dag.
- Dette arbeidet vil starte 3. november, seier Engebretsen.

Fosen og Landskrona

Han vil ikkje opplyse om kva for verft som konkurrerer om oppdraget, med unntak av at eitt av dei norske verfta som er aktuelle er Fosen Yard, der Hurtigruten alt har oppgradert skipa Polarlys, Kong Harald, Nordkapp og Nordnorge.
Engebretsen seier at andre norske verft er aktuelle, men det er også verft i Tyskland og Sverige.
I Sverige er det høgst truleg snakk om Øresundsvarvet i Landskrona, som også tidlegare har hatt ombyggingsoppdrag for Hurtigruten.
- Vi har gode erfaringar med fleire verft, men det er pris og kapasitet som avgjer, seier Engebretsen.
I første halvår neste år er det MS Nordlys som skal gjennom ombygging, eit skip Hurtigruten kjøpte tilbake i januar i år.

Over 100 millionar

Tor Geir Engebretsen seier at dei tidlegare ombyggingane til Hurtigruten har kosta vel 100 millionar kroner for kvart skip.
- Vi snakkar om same nivå no, pluss litt til.
Derimot vil han ikkje seie noko om kva tid det vert avgjort om Hurtigruten tek stilling til om det skal byggjast ytterlegare to ekspedisjons cruiseskip ved Kleven, der MS Roald Amundsen og Fridtjof Nansen no er under bygging.
- Nei, dette er det styret i Hurtigruten som avgjer.

Publisert: 21.02.2018 13:27

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18