Om to veker maa bomullstraaden vere paa plass
FRØYSTAD: Roy Willy Hagen seier at det er veldig enkelt å feste godkjent bomullstråd til teiner som har tømeluker på endane, slik som denne teina.
Nytt

Om to veker må bomullstråden vere på plass

Skal du fiske hummar i år, er det krav om bomullstråd i teina. Men det trengst ikkje vere så vanskeleg å få til.

13.09.2018
- Nei, dersom du har hummarteine med luker i endane, er det eit svært så lett inngrep.
Det seier seljar Roy Willy Hagen ved Frøystad Fiskevegn.
Bedrifta vert nedringt av hummarfiskarar som er i uvisse om kva som må til for å fiske hummar lovleg når sesongen startar 1. oktober.

Enkelt inngrep

Hagen seier at bedrifta har vore i kontakt med Fiskeridirektoratet og fått godkjent ei lettvint ordning for alle teiner med tømeluker i endane.
- Det einaste som trengst for slike hummarteiner, er å binde tråden i plastkroken på den sida sovekammeret er, og så feste tråden i linet på tømeluka.
- Dersom teina har to sovekammer, skal ein gjere det på same måten på tømelukene på begge endane av teina.
- Dette er gjort veldig fort og enkelt, seier Hagen.

15 x 9 cm skal syast att

Litt verre er det dersom ein har teiner utan tømeluker. Då må ein lage eit hol med eit tverrsnitt på minst 15 cm x 9 cm. Holet skal deretter syast igjen med bomullstråd.
- Det viktige er at tråden vert plassert slik at hummaren kjem seg lett ut.
Dei ekstra rømingshola kjem i tillegg til dei ordinære fluktopningane, som skal vere på 60 millimeter i hummarteiner.

Hindrar spøkelseteiner

Bakgrunnen for kravet om bomullstråd er for å hindre spøkelsesfiske ved at miste teiner står og fiskar år etter år, utan at krabbar og hummarar kjem seg ut.
Frå neste år vil det også vere krav om nedbrytbar bomullstråd i krabbeteiner.
Roy Willy Hagen seier at Frøystad etter kvart vil selje teiner med den nedbrytbare bomullstråden ferdig montert på teinene.
- Ja, det kjem etter kvart, men i år har vi seld store mengder med pakningar med bomullstråd i ti meter lengder.

Mange involvert

Fiskeridirektoratet opplyser at arbeidet med å tilpasse bomullstråden til bruk i norsk hummarfiske har vore gjennomført i eit fellesprosjekt mellom Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet.
Det blei raskt klart at alle «typar» bomullstråd på marknaden hadde ulike eigenskapar og i tillegg kjem val av riktig tjukkelse i relasjon til ønska varigheit. Derfor har det vore heilt nødvendig å gjennomføre dette arbeidet over 2 år.
I tillegg til forsking slår direktoratet fast at det har vore viktig for forvaltinga å trekke inn både brukarar og produsentar i dette arbeidet.
Val av tråd og akseptable monteringsløysingar i nye og gamle teiner er fatta i samråd med representantar frå Noregs Fiskarlag, Noregs Kystfiskarlag, Noregs fritids- og småfiskarforbund, samt representantar frå produksjon/sal.
Forvaltinga er godt fornøgd med ei løysing som har brei støtte i heile næringa, slår direktoratet fast.

Publisert: 13.09.2018 05:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26