Olympic sel forsyningsskip
OPPLAG: Olympicbåtar i opplag i Breivika i 2016. No er Olympic Princess seld. 
Nytt

Olympic sel forsyningsskip

Olympic Subsea sel forsyningsskipet Olympic Princess.

30.11.2018
Det 19 år gamle forsyningsskipet er seld og overlevert til ein ny eigar i følgje ei børsmelding.

Kven eigaren er eller kva som er betalt for skipet er ikkje opplyst. I følgje børsmeldinga vil salet ha "begrenset effekt for resultatet for 3. kvartal 2018".

Delte selskapet

Olympic Princess er eigd av eit selskap under Olympic Subsea der forsynings- og ankerhandteringsselskap blei samla då Stig Remøy refinansierte sitt offshorereiarlag.
Som ein del av refinansieringa delte Remøy selskapet i ein subsea-del og ein ankerhandtering-/forsyningskipsdel, der subseadelen er det det blir satsa på.
Då halvårsreknskapen blei lagt fram var alle subseaskipa i arbeid medan fem av sju ankerhandtering-/forsyningsskip låg i opplag.

Publisert: 30.11.2018 09:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26