Olympic forhandlar om avdrag
MEST FORNYBAR: Over halvparten av inntektene til Stig Remøy-dominerte Olympic Subsea kjem frå fornybarmarknaden. Inspeksjons- og vedlikehaldsfartyet Olympic Delta, som vart døypt i 2015 hadde sitt første oppdrag i fornubarmarknaden året etter.
Nytt

Olympic forhandlar om avdrag

Går med overskot etter årets ni første månader. Forhandlar med kreditorane.

29.09.2020
"For å klare sine likviditetsforpliktingar er selskapet avhengig av justert avdragsprofil mot selskapet sine finansielle kreditorar. Selskapet er i forhandlingar med kreditorane for å styrke likviditeten, og dermed gi handlingsrom som er tilpassa marknaden.", skriv Olympic Subsea i kvartalsrapporten for 3. kvartal.

Olympic Subsea gjekk med underskot før skatt i 1. kvartal, men overskot i andre og tredje kvartal gjer at selskapet har eit lite overskot etter årets ni første månadar.


Svakt siste kvartal

Olympic Subsea har ein flåte på 11 skip. Alle var i arbeid ved utløpet av 3. kvartal og inntektene frå utleige til operasjonar for fornybar energi produksjon utgjer over halvparten av inntektene.
I fjerde kvartal venta selskapet ein "sesongmessig svak marknad med lav etterspørsel og høgt tilbod", heiter det i kvartalsrapporten.
Selskapet har ei langsiktig gjeld på tre milliardar kroner. 274 millionar av dette er obligasjonslån. Den bokførte eigenkapitalen er 336 millionar kroner. Stig Remøs selskap SRR Invest eig 69,31 prosent av aksjane.

Publisert: 29.09.2020 14:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:47