Oljeprisen sprett over 60 dollar
OLJE: Eitt fat Nordsjø-olje kostar på nytt over 60 dollar.
Nytt

Oljeprisen sprett over 60 dollar

Prisauken fører til kurshopp for offshoreselskapa.

09.01.2019
Fleire av dei hardt råka offshoreselskapa er av børsvinnarane onsdag.
Eidesvik Offshore er opp 7,4 prosent til 4,94 kroner aksjen, medan Havila Shipping er opp 6,2 prosent til 4,19 kroner.
Også DOF stig, med 5,31 prosent, medan giganten Solstad Offshore er klokka 15 onsdag opp 2,4 prosent til 3,12 kroner aksjen.
Siem Offshore har også ein liten kursauke.

10 dollar opp på to veker

Kursoppgangen kjem etter at oljeprisen på få dagar har stige med 10 dollar fatet.
Etter å ha lukta på 50-talet 24. desember, vert eitt fat Nordsjø-olje onsdag ettermiddag omsett til nivå over 60 dollar fatet.
Bakgrunnen for den siste prisauken er eit oppslag i Wall Street Journal om at utover den OPEC-regisserte kuttavtalen.
Trass prisauken siste dagane, er oljeprisen no likevel vel ein prosent lavare enn for ein månad sidan, og heile 28 prosent lavare enn for tre månader sidan.
Onsdag melde også Ulsteinvik-selskapet Island Offshore at selskapet tar PSV-en .

Publisert: 09.01.2019 16:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30