Nett.no Logo
Mega menyMega meny

BLI ABONNENT PÅ NETT NO

Hold deg oppdatert på alt som rører seg i næringslivet på Nordvestlandet!

Med abonnement hos oss får du tilgong til NETT NO på alle digitale plattformer. 

Eit månadsabonnement mot betalingskort kostar kr. 129,- 
Eit årsabonnement mot faktura kostar kr. 1.399,- 

Kontakt Magnus på tlf 95247209 / magnus@nett.no for eit godt tilbud på fleire abonnement til di bedrift. 

Teikn ditt månadsabonnement i skjemaet under.

129,- pr. mnd.
Olje-utstyr større eksportnæring enn fisk

SATSER OLJE: Til hausten startar Elizabeth McMahon Møller frå Ulsteinvik på det ettertrakta studiet i undervassteknologi i Bergen/Sotra. Bransjen ho skal inn i er ikkje lenger ein rein heimemarknadindustri. Utstyrsleverandørane i oljebransjen har fleire eksportarbeidsplassar enn fiskeria viser ny rapport. 

Olje-utstyr større eksportnæring enn fisk

Målt i arbeidsplassar er eksportarbeidsplassane hos utstyrsleverandørane til oljeindustrien tre gongar større enn fiskeria i Møre og Romsdal.

40 prosent av dei oljerelaterte arbeidsplassane i leverandørindustrien i Møre og Romsdal er eksportretta, altså leverer varer og tenester som blir seld ut av landet. I alt er det snakk om arbeid til nesten 6400 personar.

I Sogn og Fjordane, der Havyard Group sitt verft i Hyllestad veg tungt, er eksportandelen i den oljerelaterte leverandørindustrien 39 prosent, og omfattar litt over 800 personar.

Til samanlikning har Møre og Romsdal rundt 2000 heiltidsfiskarar, og Sogn og Fjordane rundt 1000, i følgje bransje- og interesseorganisasjonen Fiskebåt. Rundt 95 prosent av fisken som blir fiska av norske fiskarar går til eksport.

39.000 arbeidsplassar
Forskingselskapet IRIS ved Universitetet i Stavanger, saman med fleire partnarar, har kartlagt oljerelatert sysselsetting i Noreg på oppdrag for oljebransjen sin interessorganisasjon Norsk Olje og Gass.  Iris-rapporten "Industribyggeren 2015" er ei oppdatering av ein tilsvarande rapport som IRIS var med på å gi ut i 2013.

I rapporten har IRIS mellom anna berekna kor mange arbeidsplassar i industrien som produserer utstyr til oljebransjen som er knytt til eksport. Berekning er broten ned til kvart einskild fylke og viser at det er klart flest slike eksportarbeidsplassar i Møre og Romsdal og Hordaland. 

Klikk her om du vil laste ned heile rapporten

På landsbasis er det snakk om rundt 39.000 arbeidplassar.

Ein av fem i oljen
Meir enn kvar femte arbeidsplass i Møre og Romsdal er knytt til oljebransjen. Herøy og Ulstein er dei store oljekommunane.

I alt 28.520 personar i Møre og Romsdal arbeider i bedrifter som er knytt til oljeutvinninga, frå skipsverft, utstyrsleverandører og oljebasar, til reiarlag og oljeselskap. I Sogn og Fjordane er det snakk om 4800 personar.

I Møre og Romsdal er olje like viktig for sysselsetting som i Hordaland, berre i Rogaland betyr olje meir for sysselsetjinga ( i høve til folketalet).

I rapporten har  IRIS  vekta betydninga av leveringa til oljebransjen i kvar einskild bedrift. Hos verftindustrien til dømes, som i stor grad byggjer offshorefarty, er storparten av arbeidsplassane knytt til oljebransjen.

Ulstein og Herøy på topp
Med reiarlaga i Herøy og verfta i Ulstein er dei to kommunane dei klart mest oljeretta i Møre og Romsdal. I tillegg sit også eigarane av den oljeretta bedrifta i Sogn og Fjordane med fleste tilsette (Havyard Group sitt verft i Hyllestad, sjå tabell) i Herøy.

Til saman er det snakk om i overkant av 6000 personar, litt fleire i Herøy enn i Ulstein, som jobbar i oljerelaterte bedrifter.

Ålesund nummer tre
Som oljeby er både Kristiansund og Molde, med rundt 2300 oljetilsette kvar, litt større enn Ålesund.

Etter dei tre byane og Herøy og Ulstein, er Haram med rundt 1500 oljetilsette på sjetteplass over kommunar der oljebransjen er viktig.

Siste artikler

Skal løfte sunnmørsk reiseliv gjennom samskaping

Ho kaller seg samskaper og sunnmøring, og mener ho nå har fått drømmejobben når ho nå skal løfte sunnmørsk reiselivsnæring.

Kibsgaard-Petersen går av i Schlumberger

Ålesundaren har leia verdas største oljeserviceseselskap sidan 2011.

Litt betre for Ivar Aasen

Hotell Ivar Aasen aukar inntektene, men ekstraordinære kostnader gjer at resultatet endar i minus.

Ber kommunane vere med å betale for bokbåten

Skal bokbåten Epos halda fram i Møre og Romsdal, må kommunane som nyttar han, vere med på å betale, meiner fylkeskommunen.

Trur på store ordrar til hausten

Stadt i Gjerdsvika fekk ein nedtur i fjor, men dagleg leiar Hallvard Slettevoll trur at dette fort snur.

Framleis tap ved Herøyterminalen

Dei islandske eigarane prøver å selje, men boda er for lave.

NETT NO
Ansvarleg redaktør: Ogne Øyehaug
Ansvarleg redaktør: Kjetil Haanes
Dagleg leiar: Eirik Staurset

Utgivar:
Bakkar og Berg Media AS
Pb. 142
6099 Fosnavåg

Kontakt:
Redaksjon: redaksjon@nett.no / Tlf: 95 77 97 27
Annonse: annonse@nett.no / Tlf: 95 24 72 09
Abonnement: abonnement@nett.no / Tlf: 95 24 72 09
Tips: tips@nett.no

NETT NO arbeider etter Ver Varsam-plakaten sine normer for god presseskikk og Tekstreklameplakaten sine normer for skilje mellom redaksjonelt stoff og reklame/sponsing. Alt innhald på NETT NO er opphavsrettsleg verna. NETT NO har ikkje ansvar for innhaldet på eksterne nettsider som det blir lenka til.