Oktober slo alle rekordar
OLJE: Det vart eksportert 42,6 millionar fat olje i oktober.
Nytt

Oktober slo alle rekordar

Nådde nesten 100 milliardar kroner i eksport i oktober.

15.11.2018
NPK-NTB: Varer for i underkant av 100 milliardar kroner vart eksportert frå Noreg i oktober i år - det høgast registrerte talet i ein enkelt månad nokosinne.
Både fastlandeksporten og råolje- og naturgasseksporten bidrog til auken, melder .
Førre rekordmåling var i januar 2014 då det vart utført varer for 91,2 milliardar kroner.

Stort handelsoverskot

Handelsoverskotet enda på 34,9 milliardar kroner, 85,9 prosent meir enn i tilsvarande månad i 2017 . Importen var på 64,6 milliardar kroner, som er 14,3 prosent meir enn i fjor.
Noreg eksporterte råolje til ein verdi av 28,8 milliardar kroner, 64 prosent meir enn i oktober i fjor. Det vart eksportert 42,6 millionar fat i oktober som er 13,7 prosent meir enn på same tid i fjor. Verdien av naturgasseksporten enda på 27 milliardar kroner i den tiande månaden.
Fastlandeksporten var på rekordhøge 43,2 milliardar kroner i oktober, ein auke på 15,3 prosent frå same månad i fjor.
Noreg eksporterte fisk for rekordhøge 9,7 milliardar kroner. Dette er ein auke på 10,3 prosent samanlikna med fjoråret.

Stor import av elbilar

Det vart også utført raffinerte mineraloljeprodukt for over 5 milliardar kroner i oktober, 41 prosent meir enn i same månad i fjor.
Samtidig vart det importert meir enn 6.100 elektriske bilar til ein verdi av 1,6 milliardar kroner, det er òg ny månadsrekord.

Publisert: 15.11.2018 09:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:28